lørdag 6. august 2016

SFO-start

Lillesøster har fullført den første veka si på SFO. Her i Bergen anbefalar de at 1.klassingar begynner på SFO med ein gong den opnar etter sommaren for å bli kjent med området og reglane der før skulen startar. Vi gjorde det slik når storebror begynte også og synas det var fint. Lillesøster skal ikkje gå i klasse med nokon frå barnehagen, men det var likevel så fint å sjå de kjente andleta da vi kom dit på måndag - de er jo alle samla på SFO!

Det kjennes trygt og godt å få barn nummer to inn i de samme rutinene som barn nummer ein var i for to år sidan. Det er de samme ansatte og den samme plassen. Ho skal til og med ha det samme klasserommet som storebror hadde! På måndag vart ho vart møtt med eit stort "Så kjekt å ENDELIG treffe deg lillesøster! Deg har vi høyrt om i eit heilt år!" Lillesøster har nemleg ei venninne som er eit år eldre, og som tydlegvis har framsnakka ho! Hahaha :)
Starten har i alle fall vore veldig fin! Ho fortalte på tysdag at "I går tenkte eg "mamma,mamma,mamma" masse fordi eg savna deg. I dag tenkte eg berre "mamma" en gang fordi eg hadde det så gøy at eg glømte deg. I morra skal eg ikkje tenke på deg en eneste gang!"

Ho er rask opp om morgonen når eg minnar ho på at SFO ventar. Alt har ho fått seg masse venner i tillegg til de ho kjente frå før. Ho seier at ho leiker mest med de nye vennene. Ein godgod start på skulekvardagen rett og slett!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...