fredag 5. august 2016

Trollstigen

Sjå på dette:
Eg kan forstå at folk kjem langvegs frå for å oppleve dette! Vi bur ikkje akkurat i nærleiken vi heller, men heldigvis i samme land! Her er Isterdalen som leiar fram mot Trollstigen. Været var jo perfekt denne dagen! Ingenting er som høge fjell med skyar nedanfor!
Her er vi på veg oppover i ein av de 11 hårnålssvingane på Trollstigen. Storebror satt i baksetet med mobilen sin og knipsa rundt 50 bileter! Den nye bilen vår har stort takvindaug; noko som var ekstra stas oppover denne vegen!
Eg meinar at eg har køyrt denne vegen før, men det var første gong for mannen og sjølvsagt begge ungane. Oppe på toppen har de laga til eit flott område med tilrettelagde stiar til fleire utkikkspunkt. Vi åt lunch her oppe og tok oss god til til å sjå og "åje" oss! Her står eg og lillesøster over Stigfossen! Sug i magen!
Fleire stader hadde folk laga små og store varder. Desse var utanfor de opplagde stiane og vegane og var riktig så fine!
Vel verdt eit besøk!
Vi trudde at vegen vidare innover dalføret Valldal ville ta oss til Øyer kommune, eller i alle fall i rett retning. GPS'en i bilen bad oss om å "take a u-turn as soon as possible", men det valgte vi å overhøyre. "Finn ein ny veg du GPS" sa vi. Etter nesten ein halvtime innsåg vi at vi hadde køyrt feil og snudde. Ok, så da fikk vi køyre ned igjen også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...