torsdag 4. august 2016

Ålesund

Starten av den planlagde sommarferieturen vår til Helgelandskysten var Ålesund. Sjølv om vi måtte endre de planane endra vi ikkje starten (vi berre tjuvstarta med nokre dagar på Utviksfjellet først).
Vegarbeid er nesten ok når ein har slik utsikt.
I Ålesund har vi masse familie, og vi var heldige sidan de aller fleste framleis var heime da vi kom i begynnelsen av juli! Den eine dagen gjekk vi opp de 418 trinna som utgjør den oppussa vegen opp på Aksla (189 moh). Denne utsika er jo berre heilt fantastisk!

På toppen vart det spandert is på alle de flinke små og halvstore føttene! Her er det lillesøster og den yngste kusina mi som kosar deg på toppen!
Sidan eg veit at mormor er innom her seier eg "hei" til deg og setter inn eit bilete av svelebesøk heime hos ho. Barn, barnebarn og oldebarn (og svigerbarn og barnebarn) fikk komme og nyte verdens beste sveler! Desse snakkar vi om framleis, oldemor sine sveler! Veldig kjekt og veldig godt!
Etter mange flotte dagar med familiebesøk i Ålesund gjekk turen austover for vår del.
Vi køyrte oppom Trollstigen. Her har eg ikkje vore sidan eg var barn, og no er det laga så fint til! Dette kjem det meir bileter frå i morgon!
Vi køyrte også forbi Trollveggen. Akkurat her var det eg som køyrte, så bileta tok mannen gjennom vindauget. Likevel - sjå på desse da! Dette er den høgaste vertikale fjellveggen i Europa. Den er nesten 1100 meter rett ned på det høgaste! Hit skal vi absolutt tilbake! Eg har lest ein stad at det fint går ann å gå opp på desse toppane frå baksida. Det skal bli gjort!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...