onsdag 3. august 2016

Sommarferieturstart: Utviksfjellet

Noko av det beste eg veit med denne bloggen er å trykke på etiketten "sommar" og berre nyte minnene. Dette gjør eg gjerne ein del gongar i løpet av vinteren. Litt på lik linje som når eg trykker på "jul" når desember nærmar seg.
Så derfor - til glede for meg sjølv når hauststormane susar - i løpet av de neste dagane kjem nokre bileter og litt tekst frå sommarferieturen vår 2016!
Vi starta heile gildet med nokre dagar på Utviksfjellet saman med mamma/svigermor/mormor. Mannen hadde på dette tidspunktet nok med å berre komme seg frå bilen til hytta, men vi andre var litt meir mobile. Her er vi på lunchtur oppover i terrenget. Målet var denne gamle (flytta) skulestua og pannekaker steikt på stormkjøkken.
Dette var vel den einaste gongen iløpet av ferien vi brukte jakker! Men få ting kan vel slå frisk fjelluft, mormor sine pannekaker og ja - å endelig starte vegen heim igjen med nedoverbakke!
På leit etter eit hemmeleg fjellvatn.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...