onsdag 9. november 2016

Hauststress

Det viser seg at det er berre plass til eit vist antal arbeidsoppgåver i hjernen min. Og i haust har det tydlegvis vore så fult at noko har falt ut. Dessverre har dette vore lillesøster sine ting - nesten utan unntak. Stort sett har det gått fint, eg har juksa det til og ingen har merka noko; men det er ikkje alltid. Som da ho går på skulen den dagen det er gym og ikkje har på seg joggebukse. Det er ikkje enormt viktig, det veit eg, men likevel har vi ein på 3.trinn som alltid har ein mamma som hugsa å minne han på det. Så det er urettferdig.
Som i går da det var turdag for 1.trinn. Ho har i to år sett på at vi har laga ekstra god niste til storebror på turdagane og sendt med han varm kakao i eigen termos. I går kom ho heim og skulle fortelle noko hyggeleg frå dagen sin. Og da sa ho at "mamma hadde glemt å sende med meg kakao, så da fikk jeg kakao av Anders!" Anders sitter saman med lillesøster i klasserommet, og de er VELDIG glade i kvarandre. Mellom anna dytter han vekk andre guter som snakkar med ho - hahaha - lillesøster seier at han vil ha ho for seg sjølv! Men det var fint å høyre at gløyselen min fikk gode resultater i form av ein god venn som deler av det han har. Likevel - eg vil ikkje gløyme slike ting!

Mannen og eg er heilt enige om at vi ikkje vil ha ein slik haust igjen. Det er på grensa av det vi klarer å rekkje over. Men vi kjem ikkje til å ha det slik igjen, trur vi. I dag støyper de golv på det nye badet. Det er mykje styr når ein pussar opp. Også når det ikkje er vi som gjør sjølve oppussinga. Storebror har ein kamerat som har vore masse på besøk i haust, og for ei veke sidan sa han"hvorfor jobber dere hele tiden?". Fordi vi er i oppussingsmodus. Det vil gå over. Og da vil de vere så bra! Men det er eit stykke igjen dit, og juleoppgåvene har alt begynt å renne inn. Korleis skal det gå? #berrenokrevekerigjentiljuleferie

I kveld har eg arrangert kveldsmat - og lommelykttur med klassen til lillesøster. Det er iskaldt og nydleg vær, og vi skal på skogstur og brenne bål. Da skal eg finne mammaen til Anders og skryte av sonen hennes! Også skal eg ikkje tenkje på fargeval og badekarløysninger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...