tirsdag 8. november 2016

Bienes hemmelige liv

"ÅNEI! Eg orker ikkje å lese ei slik trist bok akkurat no!"
"Er den trist?"
"Den er veldig trist! Og eg som trudde dette var ei sånn glad bok."
"Kva fikk deg til å tru at den var glad? Det er ikkje det første eg tenkjer på når eg ser på den."
"Jamen den har sånne glade farger på coveret..."
Dette er vel ei bok alle har lest. Eg kjøpte den på Fretex ein av de mange gongane vi har vore der i haust og levert inn ting og tang som vi ikkje lenger trenger sjølve. Eg trudde boka var glad og fin. Boka er trist og urettferdig og full av angst. Det var eg IKKJE klar for! Men den var veldig god, sjølv om eg måtte legge den frå meg innimellom fordi den var så vond. Den er også filmatisert, den filmen gler eg meg til å sjå!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...