mandag 7. november 2016

Kuldegrader og sommardekk

Vi gløymde å planlegge inn tid denne hausten. Derfor stod eg i dag med 5 minusgrader ute, speilglatte vegar og sommardekk på bilen. Hadde vi hatt tid hadde vi bytta dekk for fleire veker sidan. Eg skjønner ikkje kvar det gjekk galt.
Kalde morgoner = fin soloppgang
Heldigvis har vi 4-hjulstrekk på bilen, så alle kom dit de skulle før skuleklokka ringte. Men det er ikkje stas. Det er ikkje det. No håper eg berre at dekkskifteplassen har ledig drop-in-time mellom kl.16 og 17 i dag, for det er den tida vi har til rådighet. Men. Fy fabian kor fint det er med iskulde og knallsol! Det er som om eg har fått på meg briller som gjør at alt blir veldig klart og tydleg - kult!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...