onsdag 14. desember 2016

Dagslysjakt


Både laurdag og søndag i helga prioriterte eg dagslysjakt etter lunch. Det var litt lett skydekke med glimt av blå himmel, og eg sprang ut for å vokne til liv.
Begge dagane gjekk eg opp på ein liten fjelltopp vi har like ved huset vårt. Det er i overkant av 100 høgdemeter opp; akkurat nok til å få litt puls og ikkje minst frisk luft!
På søndag var ungane hos venner i turtid, så da vart mannen med. Det var litt meir tåkete den dagen.
No - rett før sola snur - har vi knapt nok sol på huset. Sola er liksom bak svingen. Enkelte år synas eg sola snur før eg rekkjer å tenkje over at det har vore mørkt, men i år synas eg det har vore ekstra mørkt og utrivleg. Gjett om eg ser fram til solsnu!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...