tirsdag 13. desember 2016

Lucia

I dag feirer vi Luciadagen, tradisjonen tru, saman med venner på Laksevåg. De inviterer alltid ein knippe familier til graut og lussekatter. Sidan vi er vekke på ettermiddagen bakte vi lussekatter på søndag.
Akkurat i det vi satte i gang kom det to nabobarn på besøk, så det var mange som kunne vere med å trille! De var kanskje ikkje så effektive, men alle lussekattane vart veldig fine - og meir viktig - de smakte veldig godt! I fjor bakte vi ikkje lussekatter, så det var fint at vi rakk det i år sjølv om det vart litt tidleg! I dag går lillesøster luciatog på skulen, Det er første gongen vi ikkje er på foreldrekaffi med luciatog i barnehagen på 6 år, og det er litt rart. Nesten så det ikkje er lucia på "ekte".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...