mandag 12. desember 2016

Årets første julekakebakedag

På laurdag hadde vi årets første julekakebakedag, og så seine har vi aldri vore før! Oppussingsprosjektet i kjellaren har heilt slått lufta utav oss, og kombinert med avslutninger i nesten kvar kveld (og til og med fleire etter kvarandre på same dag) har kakeboksane blitt kraftig nedprioritert. Men i helga hadde vi vår årlege pepperkake - og julemennbakedag med ein vennefamilie som vi har gjort dette med kvart år sidan 2009.

 
Det er lenge sidan vi har vore saman med desse, så ungane opplevde nesten bakinga som ein unødvendig distraksjon i leikinga. Men det vart masse julekaker til begge familiane!
Pepperkakedeigen var ny av året, Tine sin pepperkakedeig. Den smakte karamell og var så god! Ungane fikk kose seg med nybaka julekaker til Snøfall. Vanlegvis har vi fult kakefat med mange sortar, men ikkje i år. Det går heilt fint det også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...