torsdag 8. desember 2016

Vårt bidrag til Pepperkakebyen

"Kva vil de lage til Pepperkakebyen i år! Det står i BT at siste leveringsdag er i morgon!"
"Pepperkakenisseslede!"
"Ok"
Sjølv om fristen kom litt brått på hadde vi alt kjøpt inn pepperkakedeig, så det var eigentlig berre å starte. Mannen lagde eigne sjablongar og arbeidsteikning. Ungane stakk ut nisse og reinsdyr som vi har pepperkakeformer til.
Slik såg sleden ut inni. Med stol til nissen, sjølvsagt! Og litt meir overflate å lime sidene på.
Nytt av året var å bruke limpistol. Det fungerte som berre rakkern!
Reinsdyrene vart limt fast til grillspyd.
Eg pakka inn ein haug sukkerbiter i gavepapir. Nissen må sjølvsagt ha pakker i sleden sin! På dette tidspunktet hadde ungane takka for seg og såg på barneTV i stua. Det skjer kvart år! Det er liksom alle sitt prosjekt, men det er jo mest eg og mannen som jobber med det. I alle fall heilt til pyntinga begynner!
Samarbeid om sleden, også kvar sine fire reinsdyr.


Det ferdige verket vart kjempelangt, så eg fikk det rett og slett ikkje med på biletet!
Vi satte oss i bilen samme kveld og leverte pepperkakenissesleden til Pepperkakebyen. Det smakte godt med pepperkaker til kveldsmatdessert!
Ei veke etter opninga var vi på plass i Pepperkakebyen for å leite etter sleden vår!
Oppe i fjellsida stod den! Rett over vegen med gatelys.




Det var litt mindre byggverk i år synas vi. Det var masse ledig plass. Vi var ikkje de einaste som hadde laga slede heller - det stod sleder over heile byen!



Sidan Pepperkakebyen er nede i det gamle sentralbadet har de ein akebakke der også. Den er nesten like populær som byen!
Vi gjekk, tradisjonen tru, på Starbucks og drakk kakao med krem og sesongkaffi med pepperkakesmak!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...