tirsdag 6. desember 2016

Jul på festningen

Sist veke var vi i majestetiske Håkonshallen og fikk med oss ein fin liten konsert med Sjøforsvarets musikkorps. De hadde mellom anna ein Disneymedley som sjarmerte alle oss over 20 år i senk!
Kvar gong eg er i nærleiken av festningen tenkjer eg at vi må ta oss ein tur dit ein dag og vere turistar. Gå inn i bygningane og få litt opplæring. Det er eit fantastisk område å bevege seg i!

Inne i salen satte vi oss på nokon av sidebenkane med god utsikt framover til kongestolane og musikkantane. Etter konserten gjekk vi ut og fikk sjå at de tente lysene på julegrana i Borggården. Det var fem ringer rundt treet da vi gjekk rundt det og sang julesongar. Så stemningsfult! Det var NESTEN som å vere med på Skomakergata!
Heilt til slutt kom festningsnissen med godteposer til alle saman! Lillesøster kom grinande tilbake til oss, for ho såg at han tømte heile nissesekken sin før ho hadde fått noko! Men så hadde han sjølvsagt enda ein sekk liggande slik at alle fikk. Nissen har kontroll! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...