fredag 6. januar 2017

Ein tur til tannlegen

I desember gjekk eg ut av eit møte på jobben og såg at det var 3 ubesvarte anrop frå SFO og 6 ubesvarte anrop frå mannen. Da stikker det godt i magen! Det som hadde skjedd var at lillesøster hadde fått ei disse i munnen og blødde fælt. Ho åt som vanleg og hadde ikkje vondt dagen etter, så vi gløymde fort heile saken. Etter nokon dagar kom eit brev om at det var registrert ei skade og at skulen kom til å sende informasjonen vidare til NAV. Denne veka, to veker etter at NAV hadde laga svaret til oss, kom det i posten saman med eit krav om tannlegeerklæring, minst fire veker etter at det brevet vart skrive. Eg ringte tannlegekontoret i går og fikk heldigvis time alt i dag.

Eg var litt redd for at tannlegen skulle synas at eg var ei dårleg mamma som ikkje hadde fått time med det samme, men heldigvis var han veldig avslappa og sa at med mindre ei melketann vart slått opp i de nye tennene var det stort sett alltid uproblematisk. Han tok ein sjekk og tok bileter. På bileta såg vi de to nye framtennene ligge så fint og vente - og den eine var jo alt på veg ut sidan ho mista framtanna i romjula. Det var så stilig å sjå! No har NAV fått det de vil ha, og lillesøster fikk velgje seg denne fine frå premieskuffen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...