torsdag 5. januar 2017

Refleksgarnhue

Nille har i haust reklamert masse for refleksgarn. Det er veldig tjukt; og da går det raskt å strikke! På snap fikk eg bilete av mammaen til ein av venninnene til lillesøster som hadde strikka ei slik hue - og da bestemte eg meg for for også å strikke refleksgarnhue! Lillesøster ønska seg frostblå og storebror ønska seg raud. De hadde ikkje raudt garn (i alle fall ikkje på den butikken eg var), så da strikka eg to blå. Ikkje heilt frostblå, men blått i alle fall. Den eine sendte eg til eit lite bursdagsbarn i Florø, og den andre fikk lillesøster.
Oppskrifta fant eg i oppskriftsheftet som nille har trykt opp. Dette er den som de kallar for "guttelue" og den er strikka med to nøster.
Det er så stilig når det kjem billys på den og refleksen viser! Ellers er det ei god og varm hue som lillesøster har brukt kvar dag sidan den vart ferdig. No håpar eg berre på at de produserar i raudt snart slik at også storebror kan få ei!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...