tirsdag 10. januar 2017

Skøytetur

På laurdag var det opplett og bra vær - så vi sendte melding til nokon venner for å høyre om de ville bli med til Slåtthaug Isbane for å gå på skøyter. Det ville de sjølvsagt, og vi møtte opp ein god gjeng med kakao og siste rest av julekaker i sekken. No skulle det skøytast!
Kunstløpsskøyter, langrennsskøyter og hockeyskøyter
Vi er så heldige at vi har fått arve hocheyskøyter i str.33,34,35 og 36 - og no bruker lillesøster 33 og storebror 35. Mine kunstløpsskøyter er godt over 20 år gamle, og det er også mannen sine langrennsskøyter. De har vi tatt godt vare på altså!
Da vi kom ut på isen var vi Bambi heile gjengen, men det gjekk seg fort til, og etterkvart klarte vi å holde oss både oppreist og i fin fart. Det er så gøy! Vi hadde gløymt hjelm heime, så våre to fikk leige seg hockeyhjelmar som de brukte.
Ifølge Runkeeperen min skøyta eg rundt i 3 km. Og eg trur ikkje ungane hadde mykje mindre heller. Vi var der i nesten to timar og tida susa avgårde! Skøyting kan vi absolutt gjøre meir av!
Fire fine skulejenter og ei fin voksen jente

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...