tirsdag 9. mai 2017

Fløyen! Midt på dagen!

Eg hadde to møter i byn med dødtid mellom, så da fikk eg til ein tur på Fløyen - midt på ein vanleg arbeidsdag!
Faktisk har eg ikkje gått til Fløyen frå byn, eller frå 0 moh, sidan 2009. Eg ville gå Tippetue, den vegen er så veldig fin og vi har gått ned den vegen fleire gonger. Eg virra rundt oppover fjellsida, og forstod snart at eg var på heilt feil veg. Men eg var på veg oppover - så det fikk heller gå.
Eg kom opp til Fløypilen frå feil side enn om eg hadde gått Tippetue som planlagt. Oh well.

Postkortutsikta frå Fløyen mot Bergen. Så fint! Dette var i mars, og det var framleis snø der sola ikkje varma.
Utsikt mot Danmarksplass og Store Lungårdsvann.
På veg ned var eg i alle fall sikker på min sak. Dette var jo den vegen eg eigentlig ville gå opp! Sjå kor fint samanlikna med bilete nummer 2!
Nede mot Skansemyren kom det eit voldsomt bygevær inn frå vest. Det var blå himmel til venstre og mørkt til høgre - slike plutselige værskifter er så fasinerande!


Sjå kor svart! Og med sol på Skansen! Kun eit minutt etter at eg tok dette biletet kom det ei voldsom haglebyge og folk sprang i gatene for å finne ly. Digger det! I alle fall sidan eg hadde kledd meg for mykje kaldare vær enn det som var.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...