mandag 8. mai 2017

Puste

Begravelsen til Puste, 18.april
Eg skreiv her før påskeferien at Puste var litt pjusk. Den dagen kattepassaren kom for å hente ho vart vi enige om å ta ein tur til dyreklinikken med ho. Ikkje fordi vi var så veldig bekymra, men fordi det var dumt å levere ein småsjuk katt til ei sjukmeldt dame på 65 år rett før ein haug med raude dagar da alt var stengt. Heldigvis fikk vi time hos dyrelegen alt samme kveld.

Hos dyrelegen fant de ingenting, men Puste vart der over natta slik at de kunne ta røntgen av ho neste morgon, i tillegg til å sjekke om ho hadde noko som satt fast i halsen. No var det heile 5 dagar sidan ho hadde spist noko! Neste dag ringte de meg på jobb like før lunch og sa at de ikkje hadde funnet noko på undersøkelsane, men blodprøva viste skyhøge nivå av masse rart i blodet, noko som skuldast leversvikt. Ho var no satt på intravenøst, og vi måtte vente 24 timar før de kunne ta nye prøver som de kunne samanlikne - da ville de sjå om det var noko forbetring. På kvelden ringte de og sa at ho var i fin form. Ho hadde spist litt og var veldig kosete og interessert i alt som foregikk.

Fredagen før palmehelga, den dagen vi skulle reise austover, ringte de til meg igjen. Blodprøvene viste god forbetring. Der de målte 600 dagen før var no på 400, noko som betydde at behandlingen virka. Men samtidig var krisegrensa på 200. Ho burde bli der i 5 dagar med intravenøs behandling. Men med det samme vi tok ho heim ville nivåene stige igjen, og ho måtte tilbake. Vi vart enige om å avlive ho før vi reiste på ferie.

Vi henta ungane på skulen kl.12:30 og fortalte at vi måtte på dyreklinikken og avlive Puste. Ein forferdelig trist start på ferien. Vi hadde vore opne med de heile vegen, så det kom ikkje som noko overraskelse, men framleis utruleg trist. På dyreklinikken fikk vi fikk god tid med Puste som var i strålande humør! Ho kosa med oss og prata og var veldig aktiv på det lille rommet vi var på. Ho var tydleg i betre form enn ho hadde vore på ei heil veke. Etter at alle hadde sagt far vel vart eg igjen der inne når ho fikk de tre sprøytene. Sjølv om enden på visa er så trist som den kan bli er eg glad for at avslutninga vart fin både for ho og for oss.
Puste vart igjen på klinikken, og vi henta ho tysdag etter påske og begravde ho i hagen på ei seng av mose. Ungane plukka gule påskeblomster frå stua og kvitveis frå hagen som ho fikk i pelsen sin før vi gravde ho ned. Vi klipte også to små bunter med pels frå magen hennes (der var den litt krøllete og ekstra mjuk) som ungane fikk. Vi ser framleis etter ho kvar dag før vi kjem på at ho ikkje lenger er her. Ho vart 13 og eit halvt år - ho ligger godt planta hos alle fire. Takk for all kos!
Godaste, finaste pusen vår <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...