lørdag 6. mai 2017

Ulriken

I dag er vi med i motbakkeløpet Ulriken Opp, og det er faktisk ikkje første Ulrikentur i år! Vi gjekk opp siste dagen i påskeferien, 2.påskedag saman med veheheldig mange andre!
Sidan vi gjekk der sist var det komt opp nye og flotte trapper i stein. Det er sherpaer som har jobba her, og den nye trappa heiter "Oppstemten". Kjempeflotte og jamne trinn oppover med imponerande bekkefar ved sidan av.
Slike som de har i Basecamp ved Mount Everest!

Trappene er berre ein liten del av oppstigninga, men kanskje min nye favorittdel av vegen!
Denne dagen var det sol og varme, men også snø og is og vind. Når eg ser på bileta no er det berre godstemning, men det var eigentlig ikkje det. Mannen foreslo at vi prøvde å gå utan å ha med lunch, kun litt frukt, vatn og pengar til is (!) på toppen.

Det er ikkje alle som er like raske i beina, så vi brukte ganske lang tid opp. Og i den kalde vinden hadde det vore deilig med kakao! Vi tok oss likevel tid til å beundre byen og leike litt før vi kjøpte is. Isane vart kun halvvegs spist før det vart altfor kaldt, og vi bestemte oss for å gå ned igjen.

"Sorgen forgik mik paa Ulrikkens top"


Toppen til høgre i biletet? Den faktiske toppen av Ulriken.
Vi gjekk ned den vegen eg bruker å gå ned når eg er aleine. Den er variert og spanande med litt klatring. Den av oss som var supertreig oppover vart no megarask og skulle ikkje gå på stien. Vedkommande ville springe rundt og forbi medan han proklamerte "hvorfor gjøre det lett når jeg kan gjøre det vanskelig". Det er jo ikkje til å stikke under ein stol at det skaper farlege situasjonar for seg sjølv og andre.

Eit plutselig og akutt toalettbehov hos nokon gjorde også sitt til at turen ned vart eit aldri så lite mareritt. Det meste som kunne gå galt gjekk galt denne dagen. Og vi klarte jo det - så da seier eg berre "bring it on" i dag! Vi kjem til å gå i kø i dag også, men det ventar medaljer til ungane på toppen, OG det er varmare vær! Vi skal også ha med oss lunch. Med mat i magen og medaljehåp på toppen kan eg ikkje tru noko anna enn at det blir ein knalltur!
Når familieturen sliter deg så ut at du må på kveldstur samme dag berre for å komme deg igjen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...