søndag 14. mai 2017

Ny hall

Åj åj - dette innlegget har ligge på vent lenge! I samanheng med nytt bad i 1.etg måtte vi åpne opp hallen slik at vi fikk direkte adkomst til det nye badet utan å måtte gå igjennom ei dør, inn i ein rotete bakgang også inn på badet. Bilete frå da vi laga bad nummer to ser du her. Litt bileter frå hallen før oppussing ser du her.
Her har de revet panelet som var på veggen i gangen. De har også tatt vekk døra som var til bakkjellaren. Halve første etasje var gang med inngang til tre rom - vaskerom og bod (framleis vaskerom og bod) og verkstad som no er blitt bad. På golvet var det firekanta fliser i litt sånn orange/kvit/rosa. Det var fint å bli kvitt de. Det var også lagt ned varmekabler her som vi kun hadde på ein månad i begynnelsen. Det vart aldri varmt og den trakk enorme mengder straum.
Dette er også ein berevegg, så de måtte opp med ein diger stålbjelke for å stive av etter at det var riven. De pakka inn trappa opp og alle sprekker før de knuste ned veggen ein dag vi var på jobb. Det var rart å komme heim og sjå heilt bak til boddøra!
Her ligger stålbjelken klar. De var fire som satte den opp. Sjølv om de nitidig hadde dekt for alt med plast kasta de ut alt rett ved inntaket til varmepumpa vår. Så den hadde fordelt eit fint lag med støv i heile stua vår!
Med ein fingerstripe i svart.
Det var nesten så det knasa i tennene berre ein sa noko. Utruleg! Men det må til! No støypte de heile golvet. Det var høgdeforskjell pga varmekablane i hallen. Etter samtale med firmaet som pussa opp for oss vart vi enige om å ikkje leggje varmekablar her. Med det underlaget som er her ville det ha kosta oss mykje for å unngå at varmen gjekk ned i staden for opp.
Slett golv og bru frå yttergang til trapp. Det nye badet ligger inn gangen til høgre - der lyset kjem frå.
Vi hadde bestemt at vi skulle ha golvbelegg her, og det hadde vi bestilt inn i tide, så det vart levert den dagen vi ville ha det (og det trur eg kanskje var det einaste i heile prosjektet som gjekk etter planen!). Her ligger det i ein rull. På dette tidpunktet hadde tanken om at vi skulle pusse opp gangen sjølv etter at grovarbeidet var over blitt forkasta. Mannen tok ein telefon til han som eiger firmaet, og flaks for oss kunne han sette to menn på jobben alt veka etter. Han satte oss også i kontakt med ein som kunne legge golvbelegget for oss. Og det var ein bra mann! Vi hadde sjølve rekna ut kor mykje belegg vi trengte, og det var vist ganske så knapt! Men han fiksa det til! På to timar (vi var på juleavslutning i 1.trinn) hadde han lagt heile belegget for oss utan ein einaste synleg skøyt! Kun ein liten bit belegg var til overs! Det er god pusling altså!
Belegget eg valgte er lyst og grått og fantastisk fint! Det er lett å holde reint, men samtidig synas eg at støv og skit viser litt for godt samanlikna med de flisene som var det før. Men shit au; det gjør ingenting. Døra inn til boda og skorsteinen er no malt kvitt.
Under trappa har vi satt opp hyller som tar alle albummene våre. Desse stod i gangen bak i kjellaren før og kunne sjølvsagt ikkje kastast. Her står de tilgjengelig og ute av vegen på samme tid.
Her er gangen inn mot det nye badet. Det tok tre menn fire heile dagar med 12-timersøkter å bli ferdig med hallen vår! Vi fant veggpanel som var ganske likt det som alt var i den "gamle" delen av hallen, så rommet framstår i dag som eit utan særleg forskjell på fram - og bakdel.
Det er eit stort og åpent rom som møter oss idet vi kjem inn frå yttergangen, og vi synas det har blitt så fint! Vi får også masse kommentarer på det - forskjellen frå slik det var er stor! Det er svært lite naturleg lys her, fem dører og ein trappeoppgang. Men eg synas det har blitt eit av de finaste rommene vi har! Der er luksus med så masse luft! Ungane leikar her masse, og det er absolutt ein stad vi bruker masse! Om ikkje anna som til å bevege oss mellom rommene. Da er det fint at det er fint! :)
Her har vi malt døra inn mot boda, samt skorsteinen. Da seier vi oss ferdig med dette oppussingsprosjektet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...