torsdag 18. mai 2017

17.mai

For ein flaks at vi ikkje feirar 17.mai 18.mai! I dag er det regn i Bergen, men i går! DA var det sol og varme! Har du ikkje gått i tog i ullbunad, 25 varmegrader og null vind - ja, da veit du ikkje kva varme er! Eg gjekk store deler av toget saman med ein sjukepleiar i går - for eg trudde eg kom til å svime av!
Før det varme toget hadde vi nytt dagen i steikandes sol på verandaen, og pynta huset til gjestane kom i 13-tida. Vi serverte rømmegraut med spekemat og pølser til middag.
Til dessert hadde vi jordbær, rullekake og is. Nam! Vi gjekk så i lokaltoget vårt og hadde det kjempefint saman med alle de gode menneskene vi er så heldige å bu i nærleiken av i timesvis før det var GODT å komme seg heim og kle av seg finklær!
Finfint med fridag midt i veka på denne måten! Men det er godt det berre er i dag og i morgon - også helg! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...