fredag 22. desember 2017

Eiffeltårnpepperkakebyggverk

Lillesøster foreslo at vi skulle lage Eiffeltårnet i pepperkake i år - så da vart det nettopp det!
Vi har ein del slike etter sommarferien vår i Paris. Mannen lager modell etter mål
Fire deler av kvar form.
Etter steiking valgde vi å pynte, men det viste seg å vere ein dum ide. Det var lett og gøy å pynte, men når vi skulle lime det saman falt masse av snopet av igjen. Eg fiksa det, og det gjør jo ikkje så masse, men det vart litt knotete å lime.
Slik vart det ferdige verket! Ganske så stiliig altså! Mykje takket vere godt forarbeid av mannen!

Med argumentet "vi må ha noko meir å pynte på" friskt i minne, laga vi også ei borg med masse vegg. Inni borga er det ein stall med tre hester i. Sidan vi bakte det så seint - like før jul - er det nesten ferskt når vi knuser det til dessert 1.nyttårsdag :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...