torsdag 21. desember 2017

Glimt frå byn

Etter at eg begynte å jobbe i sentrum i august har plutselig den delen av Bergen blitt ein stad eg henger nesten kvar dag. Det er absolutt noko heilt anna enn bydelskontoret som eg var vandt med - i sentrum er det ei heilt anna stemning, og nye fotomuligheter!
September
Eg synas at utsikta frå kontoret har betra seg noko enormt! Eg har alltid hatt god utsikt, alle stadene eg har vore, men denne trur eg er den vakraste! Lille Lundgårdsvann til høgre og Ulriken bak skyene midt framme.
Oktober
Etterkvart som vinteren kjem går det lenger tid før sola kjem opp. Her har Ulriken fått snødryss.
November
Etter endt arbeidsdag! Dette er så deilig! Lav vintersol midt imot.

Desember
Ei mengde svaner slo seg ned midt i byn. Her er klokka 11, og eg svingte innom på veg til eit møte. Lav sol like ved KODE.
SNØ! Her er musikkpavaljongen i forgrunnen med Bergen Julemarked på Festplassen i midten og Ulriken i himmelsyn.

I dag er årets kortaste dag. Eg har begynt på julefeire og skal straks ut og jogge. Eg liker denne dagen betre enn midtsommer. No blir det berre lysare og lysare! Det er like fantastisk kvart år! Sjølv om eg ikkje synas det har vore så mørkt i år av ein eller anna grunn :) Fint å komme hit likevel. No - ut og nyte isfrie vegar i mange plussgrader!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...