mandag 11. desember 2017

Oslo: 48 timer

Slutten av ei hektisk desemberveke vart brukt på konferanser i Oslo. Denne gongen valde eg nattoget bort - det var så stas at det kjem eg nok til å gjøre igjen!
Heilt eigen kupe med vask, senger, varme dyner, vannflasker og sjokolade.
Eg var trøtt som ei strømpe, og derfor sov eg heile natta - kun med nokon små oppvokninger. Det hadde eg ikkje forventa! Natta kunne godt ha vore lengre, men 06:20 snakka de på høgtaleren. Vi som hadde kupe kunne vere i toget til kl.07:00. Da gjekk eg til Thon Hotel Opera der nattogpassasjerer får rimleg(are) hotellfrukost. Her storkosa eg meg i to timar! Masse god mat og kaffe - og bok!
Konferansen begynte kl.10 og holdt stad like ved slottet. Ein god vandretur opp Karl Johan i ganske så morgonstille gater.


Eg gjekk igjennom julemarkedet (om det er det det er) mellom Stortinget og Nasjonalteateret. Her gjekk eg også når eg var på retur neste dag - da var det opent og masse folk!
Etter to lange konferansedager med masse læring og mange flotte folk hadde eg nokon timar før toget gjekk heim. Litt turistfoto og roleg gange nedover mot Oslo S.


Det såg eit augeblikk litt svart ut da de sa på toget at det var problemer med signalene. Men det ordna seg fort og vi kom oss av gårde.

Uværet Aina var enda ikkje ferdig - her på Finse fikk vi beskjed om å ikkje forlate toget med mindre det var stoppestaden vår. Stripane på biletet er snøen. Bortsett frå akkurat her merka vi ikkje noko til været. Det er jo så mørkt uansett - det gjekk ikkje an å sjå noko nokon stad. Eg fikk lest ut boka mi på denne turen. Togtid er luksustid!
Oslo er ikkje noko favoritt hos meg. Og når ein er litt sliten på slutten av ei lang veke er det få ting som slår følelsen av å komme HEIM! Sjølv om det framleis var 20 minutter på buss til eg kunne gå inn døra heime. Her er Musikkpaviljongen pynta til jul. Home sweet home! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...