onsdag 13. desember 2017

Let it snow

Jubelen stod i taket da snøen lava ned på laurdags ettermiddag! Det gav seg ikkje heller, så på søndag bar det rett ut etter frukost. Lillesøster hadde overnattingsbesøk - og saman gjekk vi opp i parken for å ake der.
Oppoverbakke opp, men nedoverbakke og aking heile vegen heim! Ein time med rumpeakebrett opp og ned bakken - det er trening det!
Vel heime år vi lunch og drakk kakao før ungane gjekk ut igjen. Snø er ikkje kvardagskost og må utnyttast til det fulle!
Toulouse som no er kastrert og klar til å møte verden utenfor fikk lov å sniffe litt i døropninga. Det var nok - leeeengeeee! Her høyrer han jentene som kom rundt hushjørnet.
Han måtte sjølvsagt prøve labbane ut også. Det var sikkert kaldt, men han vart fort interessert i å gå lengre ut. Da måtte eg lukke døra. Eg trur ikkje kan kjem til å stikke av, men det skal i alle fall ikkje vere snø og minusgrader når han skal gå ute for første gong!
Framleis litt barbert på høgre labb. Lillesøster skjønte ikkje det "det er vel ikke der klumpene hans er?"
Snøen er her fremdeles, men sidan det var dagen før Luciadagen i går hadde eg bedt ungane om å invitere heim venner til lussekattbakst. Eg satte dobbel deig slik at alle skulle få jobbe litt. Men plutselig var alle utav huset for å ake i parken, og eg stod igjen med eit par kilo deig som måtte rullast ut. Ok, det var ikkje heilt etter planen, men eg stiller meg bak prioriteringa med å komme seg i akebakken! Da ungane kom heim fikk vennane med seg boller, så vi har i alle fall blitt kvitt nokon. Og resten havner i frysaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...