fredag 1. desember 2017

Sol og avspasering

I dag leverer eg først lillesøster på SFO, også leverer eg Toulouse på dyrelegen. Han skal kastrerast i dag (god jul til han), og derfor ordna eg meg avspasering. Det viste seg at dyreklinikken tar hensyn til eigarane, så det er berre å levere han kl.08:00 og hente han igjen etter arbeidstid - men no har eg jo ordna meg fri, så da tar eg fri! Neste veke er ekstremt hektisk - det begynner eigentlig alt i dag og varer til og med neste fredag - så ein fridag no fram til julefest i kveld er berre fint.
Sidan eg ikkje må vere sjukepleier for Toulouse som eg trudde bruker eg dagen på klassisk fridagmidtiveka-vis. Lang og god frukost foran TV. Den lange løypa i skogen som gir meg 8 km i beina, etterfulgt av yoga, ein varm lunch (eg tenkjer suppe) og dusj. Desse dagane er deilige!

Biletet er frå ein soldag seint i haust. Sola er ganske lav. No kjem den opp på huset vårt ca der den står på biletet. Eg kan ikkje lenger sitte på verandaen for å seie det sånn. Her har eg ull, men det var framleis varmt nok i sola. Det er faktisk ikkje så lenge sidan heller. Men - soldagar med minusgrader har også sin sjarme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...