mandag 18. mars 2024

Kulturfebruar del 2

Langt uti mars snudde vi omsider kalenderen på kjøkkenet til rett månad. Det er vanskelig å avgjøre kvar feilen låg, men eg trur det har noko med at februar månad ikkje hadde påprinta månad - altså var det berre eit bilete; og meir skulle det ikkje til før ein satt med samme dagar hengande framme i to ekstra veker.

Denne forestillinga har eg hatt lyst å sjå lenge, og når den kom til Bergen var eg sjølvsagt publikummar - og koste meg skikkelig! Kjem denne på NRK ser eg den på nytt.
Utstillingsopning ein fredagskveld saman med kollegaer og venner. 
Etter opninga gjekk vi på ein kafe eg ikkje har vore på sidan eg var student og gjekk dit titt og ofte. Lokalet var helt likt; og det var berre skikkelig fint å vere der.
Knakandes flott utstilling på eit anna kunstmuseum - her også med samtale - og ikkje minst middag i byn etterpå. Deilig laurdag med sol ute, kunst inne og kjensla av å være på ferie (det skal ikkje så mykje til alltid).
Det er nettopp det han gjør, og ein bør kjenne sin besøkstid!
Eg rakk akkurat å få med meg ei utstilling dagen før de pakka den ned. Her hadde eg 40 minutter, så det vart litt hast; men eg hadde ein avtale med Shakespeare og noko måtte vike.
Kveld på biblioteket - nye bøker, fine folk og spanande samtale om Hamlet. Framleis aktuell, jepp :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...