fredag 5. april 2024

Marsliv

Ein tåkete morgon i starten av mars. Og sola som skinner på huset tidlegare for kvar dag som går!

Nokon av oss arrangerer filmkveld og lærer at ekstra salt på popcorn er akkurat det ein må ha for at det skal smake godt!
Vi feirer at nokon vi kjenner har tatt eit godt valg som vil komme ein av oss til gode. Den andre dominobrikken faller den også. Champagne på gjengen!
Vi kjenner vår besøkstid og er tilstades idet ein av vårens store sceniske snakkis hadde permiere i Grieghallen.
Søndagstur etter god, gammal oppskrift. Venner til alle fire, middag i sekken og fint vær. Og svaberg og hav.
Medan ungane åt frossenpizza heime, smakte vi to andre oss gjennom fem retter og vin på eit av byens Michelinstjerneresturanter. Det smakte langt bedre enn det ser ut (og inneheld blekksprutblekk)!
Vi feirer bursdag for eldremann saman med ein fin gjeng med ungdommer. 
Påskeferien var etterlengta! Obligatorisk stopp for å ta bilete i og av Astrup-ramma på veg til - 
Loen der vi hadde nokre deilige dager med sol, bading, lesing og god mat. Og denne utsikta frå rommet!
God bok i sola før vi køyrte heim igjen. Det var fint med soldagar her, for det vart ikkje så mykje meir av det resten av påska.
Månadens siste dag kom med opplett - og vi fikk prøve ut de nye tennisrackettane våre. Ikkje det at vi hadde gamle, men disse var nye. :) Og skikkelig gode å spele med! Vi gler oss til fleire tennisøkter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...