tirsdag 17. mars 2026

Marsøyeblikk část ve

Bingo burde blitt delt ut på resept til alle slitne og stressa mennesker - uansett alder! Langt meir avslappande enn strikking synas eg!

Mars starta med tur til Danmark - først bingo, så med kaffe i senga, 
og på dag tre chai latte i eit desperat forsøk på å bli friskare. Sistnevnte gjorde nok ikkje noko for viruset, men det smakte ok, og utsikta var upåklageleg!
Noko veldig fint skjedde, og vi tre som var heime til middag skålte i bobler og applauderte!
Nesten midt mellom bursdagane våre, feira eg og mannen 45-årsdagar med ein klubb full av berre menneske som vi kjenner og liker. FOR ein kveld! Utpå kvelden forsvant stemma mi, og eg som trudde eg var blitt frisk igjen entra del 2 av sjukdommen. Men det var verdt det!
Eg leverte inn ei ny eksamensoppgåve - denne gongen utdannar eg meg til å bli Yoga Nidra-instruktør. Eg feira med å kjøpe ei ny bok - og marinere meg i kjensla over å fullføre noko som eg har jobba med i nokre månadar. 
Eg holdt mitt første innlegg for ei internasjonal satsing på jobb - på engelsk as a matter of fact - og feira for tredje gong på få dagar! Denne gongen med Friends på skjerm og Prosecco i glaset.  
Etter tre veker med sjukdom vart eg endelig frisk igjen, og kunne ta meg ein tur ut. Sist eg var ute på tur var det is og fleire minusgrader! Det var fint å kunne gå skikkelig i skogen igjen, det hadde eg sakna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...