onsdag 14. november 2012

Bibliotekbøker

Vi er ei gruppe med lesehestar i familien vår. Sjølv har eg gått over til å lese mest i feriar, men kvar dag leser vi bøker for og med ungane. Biblioteket er fantastisk, vi har snubla over mange litterære skattar der, og sist eg var der hadde eg eit mål. Storebror var plutselig blitt så opptatt av døden. Han spurte og snakka masse om det, men mest av alt var han lei seg. "Eg vil ikkje dø" med etterfølgjande tårer og trøsting. Kollegaene mine anbefalte boka "Farvel, herr Muffin" - om eit gammalt marsvin som dør. På biblioteket fikk eg også låne "Bjørn og bestefar" der bestefar dør. Storebror falt for begge bøkene - vi har lest de så og seie kvar dag sidan eg lånte de. Og no er han ikkje like opphengt i døden som han var. Han har kanskje fått nokon svar? I den grad vi kan gje han svar - vi har i alle fall reflektert saman med han.
Dette er typisk ettermiddag hos oss. Storebror (eller lillesøster) har henta ein haug bøker som vi leser gjennom. Her er det Tambar som blir lest - ein fantastisk serie om familien Dovre og lille Tambar på fem år skrive av Tor Åge Bringsværd. I denne boka, "Tambar og syvmilstøvlene", er de i Bergen, det er jo ekstra stas! På Troldhaugen - sjølvsagt! :)

fredag 9. november 2012

Halloween-feiring

Før det er for seint hiver eg ut bileter frå vår Halloweenfeiring.
Vi hadde venner på besøk, og spiste Halloween-paprika-med-pasta og gresskarbrød til middag.
Og pumkin'pie til dessert - nam:)


torsdag 8. november 2012

Gåver frå det store utland

Lillesøster fikk endelig sin eigen paraply! Etter å gjenntatte gonger ha måtte springe etter storebror gjennom regnet - han med Lynet McQueen-paraply og ho med ei skarve hette. No kan regnet berre ause ned i strie straumar - vi har utstyret til å takle det!
Også frå Disney-store da!! STOR STAS!
Storebror fikk lego-politi-helikopter som vart pusla saman på ein halvtime - den har han også hatt ved sidan av puta si om natta - STOR STAS det også!

Og sjølvsagt vart det masse julekalendergåver også - det er alltid gøyt med noko nytt:)

onsdag 7. november 2012

København


Rask flytur opp Runde Tårn
Med "Karsten og Petra i Tivoli" som CityGuide fikk vi med oss masse da vi var i København i helga saman med jobben til mannen min. Laurdagen var open for kva ein skulle ønske - vi valgte sightseing og litt shopping. Og god lunch sjølvdagt:)


Laurdags kveld - sjølve julebordkvelden - var vi på Wallmans Salonger og kosa oss med eit fantastisk show, nydelig mat og vin og øl i alle glass. Etter fire timar vart Cirkus-bygninga om til ein nattklubb som mellom anna spelte 90-talshits; da var det ikkje anna å gjøre enn å kaste både høge helar og dressjakke, og danse det vi orka. Våt av svette (og regn) subba vi inn på hotellrommet da klokka var 02-eit-eller-anna; eg kan ikkje hugse sist eg var voken så lenge! Vi hadde det KNALLGØY!


Eg seier ikkje at julebordet eg skal ha med min jobb, i kontorlokalene der vi jobbar, kjem til å bli like gøy, men det skal holde hardt;)

tirsdag 6. november 2012

Kort

Det har vore mange runde dagar i år.
Ei på 40, ei på 60, ei på 70 og ei på 80 - og det er berre i nærmaste familie!
Det kjekkaste med runde dagar er at det er ein grunn til å treffast!
I alle fall når bryllupa lar vente på seg! Eg og min eldste bror er de einaste som har gifta oss de siste 20 åra. Og vi er framleis lykklege gift (på kvar vår kant vel å merke;)), så ekteskapet er jo berre å anbefale! Det å bli rundt år også, for så vidt. 

Men no har vi fått invitasjon til eit bryllup i næraste familie! Hurra for brudeparet og hurra for oss som får vere med på festen! Håper de resterande 20 søskenbarna vi har hiver seg på lasset også!

Julebordfeiring med dansing til langt uti de små timar gav meirsmak! Så da var det ekstra kjekt å komme heim til invitasjon til nok ein fest i posten:)

Ein lokal helt har sagt det slik "Eg viste ikkje kva lykke var før eg gifta meg. Og da var det for seint."

Nei, DET stemmer ikkje! Som ho da. Brura.

fredag 2. november 2012

KVAR blir alle sokkane av?

Heilt ærleg! Vi har mengder av singelsokkar, eg fatter ikkje kvar den andre sokken forsvinner!! Faktisk når eg ser på dette biletet så kan eg sjå to sokkar som høyrer saman. Ein anna sokkesannhet er at føttene til ungane har vokst så masse i sommar at ullsokkane frå sist vinter er for små. Kvardagsliv i eit nøtteskal!

Denne helga skal kvardagsliv vere ein fjern tanke - eg og mannen skal nemleg til København!! Julebordtur med jobben hans; dette kan berre bli bra! Han har flotte kollegaer som vi skal vere masse saman med, men i morgon skal eg og han spasere rundt i gatene aleine - spise lunch berre oss to - og berre vere saman. Eg gler meg! Ungane skal kose seg heime med farmor; farmor sine pannekaker er bestilt til middag - og gåver (i mengder!) er ønska når vi kjem heim søndags kveld.
God helg til deg også!!!

torsdag 1. november 2012

No skinner sola i vinduskarmen

Kanskje var det på grunn av at det regna i BØTTER OG SPANN at vi kun hadde eit lite Halloween-ring på døra vår i går? Desverre for ungane som hadde begitt seg ut i drittværet, og trakka opp den lille vegen til huset vårt, ringte de på akkurat medan eg låg og prøvde å sove - og da ikkje skjønte at det var ringeklokka.
Kva med mann og barn? Mannen sov også, og barna såg på Fantorangen - eg trur ikkje nokon av de fikk med seg at det ringte på. Men eg fikk ikkje sove igjen, så det var til pass for ungane utanfor at de ikkje fikk snop. Ikkje hadde vi kjøpt inn noko heller - kremt.
I dag skinner sola over Noregs vestlandshovedstad! Det er godt, ein blir heilt værsjuk av slike mengder med regn som det var i går. Og når ein barnehage i Bergen vel å la ungane vere inne heile dagen pga været VEIT ein av været var dårleg. No skal det berre vere sol - ungane skal få rase av seg ute - og ettermiddagen blir betre. Dermed basta!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...