fredag 7. oktober 2016

Kvifor vi ikkje sel huset - enda

I nesten seks månader har vi gått på husvisningar. Vi har sett på rundt 20 hus og vi har bydd på eitt. Vi er på utkikk etter eit hus med to bad og to stuer. Kanskje eit ekstra soverom? Og vi vil gjerne opp rundt 30-40 kvadrat.

Men etter to skikkelig dårlege hus på ein dag (de såg så bra ut på bildene!) gjekk lufta ut. Kvifor skal vi eigentlig flytte? Skal vi heller investere i vårt eige hus? Ikkje for at vi skal bli her for alltid, men for å kanskje utvide tida vår her? Vil vi eigentlig kjøpe eit hus for 5 millioner? Bør ikkje eit hus til den summen vere JÆVLIG bra?

Av alle husa vi har sett på er det INGEN av de som har vore JÆVLIG bra. Til dømes har ingen av de hatt desse tinga som eg elsker ved huset vårt.

Først av alt: Garasje og i tillegg parkeringsplass til 4 (!) biler på to ulike stader på eigendommen vår; slik at no som vi faktisk har to bilar og mannen kjem først heim etter jobb og reiser først om morgonen så slepper vi å bytte bilplass iløpet av dagen. I tillegg har vi plass til gjester  - masse plass!


Stort og nytt garderobeskap med lys i hovedsoverommet
Rullestein i dusjen
Veranda der ingen kan sjå deg med utsikt mot skog og ås (og sol i 15 timar om sommaren)
Skoskap
Oppussa yttergang - eller i det heile tatt ein yttergang!
Ok, dette er det mange som har; men eg liker kjøkkeninngangen vår.
Og til slutt - eit stort nok vaskerom til at ein kan henge opp to maskiner med klær, og lukke døra til de er tørre.

Etter at vi kjøpte huset i 2009 og flytta inn i slutten av januar 2010 har vi pussa opp nesten alle rom. Huset er heilt i vår stil, og vi har brukt tid og penger for å få på plass 4 av punkta over her (resten var her da vi kjøpte det). Og når det er areal til å skaffe seg bad nummer to og stue nummer to - kvifor da flytte?

Derfor pussar vi i haust opp og forandrer huset vårt slik at vi kan bu der lenger. Kanskje dukker det perfekte huset opp i mai; også ender vi opp med å selge likevel - men kva så? For kanskje finner vi ut at huset vårt møter alle behova våre. Ikkje for alltid kanskje. Ikkje med ungdommar i hus. For det er jo fleire andre grunnar til at vi vil flytte også, og de endrar seg ikkje kun ved å pusse opp. Men no. Behova våre no, for de neste åra. Resten kan vi fint leve med nokre år til.

Folk vi kjenner i alle hus. Kveldsutsikt frå stua.
Men akkurat no har vi to barn som elsker den store hagen. Som har mange venner i gå- og sykkelavstand frå oss. Vi trivast jo så godt her vi bur. Det må vere betre før vi flytter. Vi har berre ikkje funnet det som er betre enda. Men vi leitar vidare samtidig som vi lever veldig godt der vi er.

torsdag 6. oktober 2016

Utvida joggesesong

Det er utruleg fint og varm i Bergen - og det til tross for at vi skriver 6.oktober i dag! Vi merkar at det er haust med det samme sola forsvinner på kvelden og temperaturen synker drastisk. Men i sola på dagen er det herleg! Eg er glad for kvar einaste bonusjoggetur eg kan ta i strålande sol!
For første gong entrar eg vintersesongen utan medlemsskap på sats. Eg vart så lei i fjor vinter at eg bestemte meg for å utforske andre treningsalternativer denne vinteren. Eg har kjøpt meg vintertights og joggehanskar; så kanskje klarer eg å jogge meg gjennom sesongen? Det er jo lett å tenkje når været er slik det er no. Eg veit det blir vanskelig når det er 4 varmegrader og stiv kuling i vekesvis. Spørs kor kreativ eg klarer å vere. Men framleis - joggelykke i sola!

onsdag 5. oktober 2016

Forventninger

I heile to år har lillesøster sett på at eg har kokt kakao til storebror på morgonen før eg heller den på eigen termos som eg pakker i sekken hans. Det er turdag på skulen, og lov å ha med noko varmt å drikke. Eigen tursekk med ekstra god nistemat og sitteunderlag er også viktig!

Og tenk - i dag var dagen da det endelig var hennes tur! Med kakao i termos heilt for seg sjølv, og sekk som skal bærast på tur ein heil dag! Eg hadde kanskje trudd at det skulle få ho utav senga litt raskare, men når ho omsider kom seg opp var ho veldig glad og stolt!
Eg gler meg til å høyre korleis ho har hatt det! I heile turforberedinga gløymte vi at storebror har gym i dag, så han vart levert utan gymtøy. Hmm. Eg ser ikkje vekk frå at det er slike sporadiske episoder som kan bygge oppunder ein yrande kjensle av forskjellsbehandling. Forskjellen i barnemedverknad på kakaokoking og "ta med shorts" er enorm, men eg trur ikkje 8-åringen kjøper det argumentet.

tirsdag 4. oktober 2016

Yoplait Safari

Yoplait Safari har komt med nokon nyheter som vi var så heldige å få prøve ut gjennom Buzzador! Det som er genialt med slike buzzadorkampanjer er at de alltid blir levert med bud på døra i perfekt tid til kveldsmat! Det er som å få levert kveldsmat på døra; og det kan vi digge!
For oss er yoghurt kveldsmat. Storebror har bestemt at han kun liker jordbæryoghurt (why?) - så eg prøvde å selje inn Vaniljeyoghurt + frukt - Eple og jordbær til han. Her ser du at han kikker på pakningen og prøver å finne informasjon sjølv:
Dessverre kan han lese, så han var IKKJE interessert i å smake ein gong! Synd for han, bra for oss andre! Lillesøster er særleg fornøyd! Yoghurten er tjukk og langt mindre søtare enn andre vaniljeyoghurtar. Fruktmosen som er i den lille boksen er heller ikkje søt. Faktisk smakar det nesten ingenting.
Tjukk fruktmos!
Eg likar smak - så eg vart skuffa. Men lillesøster - som jo er i målgruppa - har spist ein boks kvar dag de siste kveldane. Begge likte designet med apekatten, særleg er den store begeret med bananyoghurt fin! Bra boks - kjedelig smak.

mandag 3. oktober 2016

Mors gaver

Denne måtte eg kjøpe etter å ha lest om den da den kom ut, og ikkje heilt gløymd den. Forfattaren finner gåvelister da de tømmer barndomshjemmet etter at mor har flytta til sjukeheim. I desse listene står alt som var blitt gitt og fått mellom 1963 og 2003. Mennesker kjem inn på lista og går ut av lista. Nokon av desse menneska fortel ho litt om, det er interessant. Etter ei litt for lang og utfyllande utgreiing om gåver som element og ide, synas eg boka kom seg.
Eg har tidlegar lest Cecilie Enger sin bok Kammerpiken, som eg ikkje likte så godt. Eg kjenner igjen språket her også, og trur eg har lest min siste Cecilie Enger-bok. Men boka vart betre og er på mange måtar interessant historisk; gåvene seier mykje om samfunnet.
Lurer på om ein kan tolke julegåver 2016 på samme måte? Det er i alle fall ikkje så mange heimetørka kornakser under treet. Ho skriver ingenting om økonomi; er det ei moderne tanke å fokusere på kor mykje pengar ein bruker på gåver og kven som får for kor mykje?

søndag 2. oktober 2016

Sunday

Søndag burde heite Sunday på norsk også. I alle fall på bergensk! Etter ei veke med skikkelig møkkavær skinner sola frå blå himmel i dag! Vi skal ha venner på besøk - og skal lage både komler og brownies til de kjem; men FØRST: fjelltur!
Solnedgong på veg - Lyderhorntur med venninne i vår
Dette er tredje søndagen på rad eg hiver meg rett i treningstøy når eg står opp. Hausten er jo på veg (eller er den her?), så kvar einaste søndag med bra vær må utnyttast oppe på fjell! Ut på tur, aldri sur!

lørdag 1. oktober 2016

Ubetalt jobb


I dag forlater eg mann og barn for å jobbe på eit arrangement. Det er 90% lystbetont, men jobb er framleis jobb. Ikkje det at eg skal klage, for det er jobb heime også - berre at der er den ubetalt!

Vi har store planar for hausten, og før de planane kan bli satt i gang må det ryddast. Vi har alt brukt mange kveldar og dagar på å rydde, og no er det hovedsakleg mannen sine ting igjen. Han har oppdaga at han er ein skrotnisse, noko som kom som eit sjokk på han, men som ikkje fult som eit sjokk for meg. Men no som han er i ryddemodus håpar eg at han prøver ut smertegrensa for kva som kan forsvinne. Eg er glad i å kvitte meg med ting - men de siste vekene har til og med eg kasta ting som ein gong hadde stor verdi for meg. Vi forandrar oss, og det er ikkje noko grunn til å holde fast på fysiske ting som ein gong hadde betydning.

Er det ikkje blitt brukt de siste to åra, og klarer du ikkje å komme opp med MINST tre situasjoner du trenger det de neste to - da skal det ut av huset!
Mannen er nok glad eg er vekke i dag for å seie det slik... :)
Ungane slepp å kaste, det gjorde eg for nokon veker sidan, og lillesøster har kun spurt etter ein ting. "Barbiebilen din seier du? Neeeeiiii, den har eg ikkje sett."

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...