Utan samanlikning med dagens planer forøvrig - Vennebyengassballong som lillesøster kom heim med etter å ha vore på Vennebyenshow saman med ei venninne. Den første gassballongen vi har hatt i hus. Dessverre forsvant den i det blå på bursdagen til storebror etter at gjestane tok den med ut. Gjestane fikk klar beskjed og tydleg tilbakemelding om kva eg synas om det - men lillesøster har ikkje snakka om den etterpå, så eg trur ikkje ho har fått med seg at den er vekke.
Anyways - i dag er storebror med ein kamerat heim frå barnehagen. Mannen jobber overtid; så eg skal hente lillesøster i barnehagen også skal det berre vere oss to på ettermiddagen. Laks og steikte poteter til middag, vannmelon til dessert og rolege tider. Mannen kjem heim akkurat i tide til at eg skal ut på "vift". Ei venninne skal ha ein artperformance i kveld som eg er veldig spent på. Men det blir nok rett heim etterpå. Fredag betyr ikkje anna enn tidleg i seng for min del.
*hepp
fredag 11. april 2014
torsdag 10. april 2014
6-årskrise
De siste vekene har vi hatt nokre opplevelser med storebror der han har oppført seg annleis enn vanleg. I dag tidleg vart det ein ny historie i kategorien "kva er det som skjer med storebror?" da eg leverte i barnehagen. Utan å gå inn i detaljar kan eg seie at det var hyling og skriking og klenging - og ingen spor av den fornuftige og glade storebroren eg vanlegvis leverer. Eg snakka med ein av de ansatte på vegen ut der eg raskt uttrykte min misnøye med storebror sitt val av reaksjon på noko eg ser på som vanlege, daglegdagse svinger i vegen. Ho smilte og sa "de andre foreldrene seier det samme om sine 6-åringer. Han er er 6-årsungdom. Det er nesten så du ikkje kjenner han igjen innimellom? Det er heilt vanleg. Det går over."
Da eg kom på jobb googla eg "utvikling 6 år" og leser om 6-årskrisa. Eg vart litt klokare - kanskje dette har med overgangen til skule å gjøre? Han veit han skal begynne, og gleder seg; men samtidig er det tøft å vite at barnehagetida er over - og nye venner og ein ny kvardag står på trappene. Han liker seg best heime for tida; og det kan rett og slett ha ein samanheng med forandringa som er på veg?
Heldigvis hadde vi foreldresamtale i barnehagen på slutten av dagen i dag; og fikk bekrefta at han er ein moden og flott 6-åring. Så får vi prøve å støtte han igjennom de store forandringane han står i.

onsdag 9. april 2014
Medisinsk mirakel?
Så da trappa eg opp hos fastlegen min i går med ikkje mindre enn tre typar pollenmedisin som eg ikkje liker. Heile dagen hadde eg hatt tre boksar med allergimedisin i veska, og følt meg som ein langar av eit eller anna slag. Lurer på om legen vart litt oppgitt, men han lo litt, skreiv mykje på maskina si, og gav meg ein ny resept. Eg henta den nye typen, las om bivirkningane (kvalme. grøss. hodepine. grøss. munntørrhet. grøss.) og heiv i meg ein liten, kvit pille på kvelden.
I dag vokna eg (eller vart vekt av lillesøster som spurte om ho kunne få kjeks. Kl.06:28) og var tørr som sandpapir i munnen. AHA! Munntørrhet - skjekk! Men eg vart fort heilt open i nasegrevet, ingen kløe, ikkje kvalm og ingen hodepine. Munntørrheten kom nok av at eg hadde sove som ein stein med open munn, eg ser ikkje vekk frå at eg kan bruke denne medisinen utan å få nokon bivirkninger, og i tillegg vere ute og kose meg - til tross for pollen i lufta. No har eg skrive den ned, så no er det sant. "Eg har lese det. Svart på kvitt." Og det betyr at det er sant. Våren - bring it on!

tirsdag 8. april 2014
To + to
| Alfabetpuslespelet vi kjøpte da storebror var eitt år er framleis veldig populært! |
Gutane ser vi knapt noko til der de held seg på storebror sitt rom og bygger lego. Jentene er det meir lyd i, og de involverer oss voksne i leiken på ein anna måte. Men det er uansett kjekt med mange glade barnestemmer i huset :)
Håper også du har ein fin tysdag :)
mandag 7. april 2014
Tomt utan pollen
Med bilete frå der vi kanskje skal byggje hytte ein gong (er det ikkje flott?) draumer eg meg vekk til ein stad der det ikkje er pollen! Eg var tidleg ute i år med å skaffe meg allergimedisin; så tidleg at legen sa "Jøsses, har du begynt å tenkje på det?", men den som ler først ler best - tre veker seinare er det rekordtidleg pollensesongstart og eg held på å gå på veggen. Eg misstenker at legen tenkte at eg mest sannsynleg ikkje har pollenallergi, og derfor gav med noko tullepiller som kun består av noko som smuldrer opp med det samme eg putter det i munnen.
Det er kun beskjedne mengder med pollen i lufta, men eg er nedsylta og opphoven - som om vi vasser i bjørkepollen! Eg tel timar til ny legetime i morgon, og forhåpentligvis nye medisiner.
*atsjooooooo
Det er kun beskjedne mengder med pollen i lufta, men eg er nedsylta og opphoven - som om vi vasser i bjørkepollen! Eg tel timar til ny legetime i morgon, og forhåpentligvis nye medisiner.
*atsjooooooo
søndag 6. april 2014
Kammerpiken
Da Mammutsalget var las eg ei oversikt over de "beste kjøpene i årets Mammutsalg". Der anbefalte de mellom andre denne boka, Cecilie Enger sin "Kammerpiken". Den var rask å lese, i alle fall på verandaen i strålande vårsol, men ei ganske så treig bok. Boka består av lausrivne handlingsbolkar og manglar rett og slett driv framover. Ingen oppbygging, ingen spaning, ingenting som verkleg er interessant.
Artig å lese litt om dronning Maud, men that about is. Styr unna, finn deg ei anna bok! :)
Artig å lese litt om dronning Maud, men that about is. Styr unna, finn deg ei anna bok! :)
lørdag 5. april 2014
Spidermankake
Storebror var innom fleire alternativer til 6-årskake, men valget falt på blå spidermankake. Eg kunne få velgje kva som var "inni" kaka, så det vart sjokoladekake bakt i liten langform. Biletet av spiderman skreiv eg ut frå nettet og blåste det opp i A3 størrelse. Eg klipte rundt formen og ut augene slik at eg hadde tre former til kake og auger. Først ville vi ha berre andletet, men sidan vi bakte i liten langpanne vart det plass til hals og litt skuldre også.
Mannen, som er av den tålmodige typen, farga marsipan blå og skjelva ut tynt slik at det passa til kaka. Eg brukte litt av avskjæret til å forme eit andlet med opphøgingar til mellom anna nase. Augene skar vi ut etter formen i marsipan utan farge. Spindelvevet er svart fondant som vi trilla til tynne trådar og festa meir eller mindre slik de var på biletet som eg hadde printa ut. Fondanten hang godt i marsipanen, vi trengte kun å feste den med litt vatn på skulderpartiet.
Gjestane stod tett rundt kaka da eg ropte at det var tid for kake og dessert - og det var mykje "Oj", "Det er den kulaste kaka eg har sett i heile mitt liv", og ikkje minst "nam" frå seksåringane! :) Storebror var også sjølvsagt veldig fornøyd - og eg og mannen er ganske så fornøyde vi også :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)