onsdag 12. desember 2012

Bil og uhell

Her kan eg leggje ut bileter av ein kræsja Toyota og ein buss med røyksky midt inne i ein tunell, men det er hygglegare og meir dekorativt å ha vannmalingskunst frå lillesøster, storebror og meg på dette innlegget. På søndag var eg på biltur over fjellet for å bytte julegåver. Like etter ein tunell mista eg veggrepet, og måtte kjæsje inn i fjellveggen for å stoppe bilen. Før eg valgte å svinge inn mot fjellet tenkte eg (mellom anna) at farten var så låg at bilen kun ville få ein bulk; og at eg ville klare meg fint gjennom smellet. Eg klarte meg fint, eg har kun litt vondt i nakke og rygg. Bilen derimot, fikk seg ein smell og i dag fikk vi vite at den må bli kondemert. Det er kun to månader sidan vi betalte siste del av billånet - så det er litt kjipt å måtte begynne på nytt med lån. Men slik vart det denne gongen. Det viktigse er at ingen vart skada.
På veg tilbake til Bergen med bussen opplevde eg at vi måtte evakuere midt inne i ein lang tunell etter at alarmen hadde gått i bussen. Tjukk røyk kom frå motoren, og vi trudde det var motorbrann. Mange løp langt - og ut av tunellen - medan eg kun bevega meg eit lite stykke nedover, for å komme unna røyken. Brannmannskap kom til og avkrefta motorbrann. Det var ein vannslange som hadde sprukke; og all røyken var rett og slett vanndamp frå den varme motoren. Vi var altså ikkje i livsfare slik som vi trudde. Bra var det; og etter ein time kom ein anna buss som tok oss med til Bergen.
Etter 5 lange timar på venterommet på legevakten fikk eg snakka med lege - nakken var vond rett etter kræsjen og hadde blitt verre. Mest sannsynleg dreia det seg kun om ein strekk; så eg har kvila litt i to dagar og i dag var eg tilbake på jobb.

No står det bilkjøp på agendaen. Leigebilen vi har fått er så SVÆR at den ikkje får plass i garasja (det er heilt sant!) - eg klarer knapt å parkere den utanfor jobben min. Men den er flott! Og heilt ny - slik at den lukta ny bil:) Så slik vart søndagen min; andre lyset i adventsstaken vart tent ved middagen på måndag. Eg har fått nok dramatikk for heile 2013 - når verkinga i rygg og nakke gjer seg trenger eg ikkje å bli minna på det heller.

Også fikk eg eit nytt tantebarn 11.12.12 - ein nydelig gut! Livet suser av gårde:)

1 kommentar:

  1. Huff da, så bra at det ikke gikk verre enn det gjorde - selv om det var gale nok! Men materielle skader kan en tross alt gjøre noe med...

    Lykke til med bilkjøp og gratulerer som nybakt tante!
    Og du; knallfine illustrasjoner i innlegget i dag:)
    God klem
    Hanne

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...