fredag 14. desember 2012

Førjulstid

Eit fast innslag i førjulstida er julekortskriving.
 I år har eg tatt det litt pø-om-pø og i fleire omgangar. Eg skiver julebrev også, men synes det er koselig med ei lita helsing bakpå alle kortene.
Med levande lys, litt julemusikk, te og ein liten marsipansjokolade er dette førjulsstemning på sitt beste:)

I dag vart alle julekortene sendt; det er godt med alt som er gjort. Etter ein dramatisk søndag sist veke har vi planar om ei mindre dramatisk helg denne gongen. I kveld skal vi på Luciakos hos venner, graut og gløgg til kveldsmat - ingenting i vegen med det! I morgon skal eg underteikne kontrakt på ny bil (ja, her må det gå fort i svingane), vi skal vaske hus og rekkje å ake litt meir før snøen forsvinner - og på tampen av dagen skal eg og mannen i bryllaup og meske oss med kaker og dansing:) På søndag skal vi ta Fløybanen opp på Fløyen for å sjå at de tenner adventslys nummer 3 før vi skal på fotoutstilling i regi av jobben min. Ei travel helg sånn like før jul! Neste helg har vi ABSOLUTT ingen planer; vi kan ikkje vere så aktive kvar helg!

Ønskjer deg ei flott og ulykkesfri helg!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...