torsdag 8. august 2013

Populær vs. ikkje populær

Eg må fortsatt skrive i bildetekst - eg skjønnar ikkje kva problemet er, men det får gå! Puste kom heim etter tre ferieveker hos tanta til mannen. Da hadde ho vore inne og ekstremt kosete! Når ho kom heim igjen sprang ho rett ut, og har meir eller mindre vore der sidan. Ho kjem når vi opnar kjøkkendøra - da er det ofte ungane som kjem og vil gje ho kattesnacks (vi kjøpte jo svensk kattesnop til ho også!). Men på søndags kveld var ho vekke. Og heile måndagen. I går - tysdag - snakka eg og mannen om ho kanskje såg litt pjusk ut sist vi såg ho. Men så eigentlig ikkje, vi hadde jo ikkje reagert på noko. Var ho på veg tilbake til tante? Vi skjønner at overgangen mellom stille dame i tidleg 60-åra og aktiv småbarnsfamilie er stor, men ho var jo vår?! Heldigvis satt ho utanfor når vi kom heim frå jobb i går! Kjempesulten, men ho tørr ikkje å komme inn før lenge etter at ungane er i seng. Det er nesten som om ho ventar på at det skal bli mørkt nok ute før ho kjem inn. Så heilt tam er ho nok ikkje; og vil ikkje bli heller. Men BRA at ho kom heim igjen, vi sakna fælt å ha ho tuslande rundt!

Ein anna som ikkje er fult så populær, og denne gongen hos ungane, er meg! Vi har vore igjennom dette så mange gonger med storebror, at da lillesøster begynte på samme note i dag tidleg kl.06.38 var det berre "here we go again!".

"PAPPAAAAAAA"
"Lille venn - pappa har reist på jobb. Han sa ha det til deg da han gjekk."
"PAPPAAAAAA"
"Pappa er på jobb. Skal mamma.."
"PAPPAAAAAA"
"Pappa er på jobb. Han er ikkje her, og når du roper så høgt vekker du..."
"PAPPAAAAAA"
"Pappa er på jobb. Vil du at vi skal ringe han og seie hei?"
"NEI! PAPPAAAA"

Storebror brukte eit par gonger over ein halv time før han vart ferdig. Og var slik kvar morgon (kjentes det som) på og av i over to år. Lillesøster brukte "kun " 20 minutter i dag, men det er lenge nok! KVA ER DET HAN GJØR? Vi snakka masse med storebror før vi begynte på jobb og barnehage på måndag, "no vil pappa ha reist på jobb når du vokner". Det var tydlegvis lillesøster vi skulle ha snakka med. Det er tøft å begynne på'n igjen etter ein lang ferie. Lillesøster har styra masse om nettene, og vokner mellom 5 og 6 om morgonen. Storebror er utslitt, og eg må vekke han frå djup søvn om morgonen. Eg og mannen går med poser under augene og ser fram til helg. Det trur eg nok ungane gjør også. Det er kanskje her nøtta ligger. Han ligger ytterst i senga, og mot døra, så det er han ungane sniker seg inn til om morgonen. Da står han opp, og medan de er på badet slår han på TV til de. Eg skjønnar jo at det er hygglegare enn i vekene da TV ikkje blir slått på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...