onsdag 7. august 2013

Sommarferie - indre oslofjord

Etter fire netter i Øyer forflytta vi oss sørover til indre oslofjord der vi skulle vere fire nye netter. Framleis var det sol, sol og sol - og hytta vi hadde fått låg rett ved ei flott lita badestrand - perfekt!
Bøttegrillen vår vart innvia - og 1881-bilete tatt! Knallgode miniburgere frå Rema by the way! Bøttegrillen brukte vi mange gonger - i Sverige grilla vi laks på den - veldig god og perfekt for camping!
Lillesøster var tre år medan vi var her! Vi hadde med nokre gåver, og storebror stjal ei fin rose frå ein av de faste campingvognene sin hageflekk på veg tilbake frå do :)

Vi reiste til Kongsberg for å gå på Lågedalsmuseet saman med gode venner.


De hadde satt opp staffeli og lagt fram teikne - og malesaker. Ungane kosa seg her også. Å settje seg ned å teikne var faktisk noko av det første de gjorde når de kom heim etter tre veker også.

Her satt vi medan ungane spranmg rundt, leika, teikna og såg på dyrene. Og sutra litt - det var veldig varm denne dagen også. Vi kjøpte oss is før vi køyrte ein stad å bada.

På campingen fikk vi besøk av mormor og morfar som ferierte eit lite stykke unna. Hadde vi kunne velge hadde vi vore her lengre, dette var eit flott utgangspunkt til fleire stader, men sidan det var så flott vær var vi mest i ro medan vi var her og hang på stranda. Lillesøster trivast som ein fisk i vatnet og storebror var kreativ med sanden i vannkanten. Men etter fire netter her måtte vi vaske oss ut av hytta - no skulle vi til Sverige.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...