tirsdag 6. august 2013

Sommarferie - Øyer

Etter tre netter på Stadtlandet tok vi oss ut på den lengste etappen i ferien; Stadt - Øyer kommune. Denne dagen var det sol og fantastisk varmt, og dertil kjedelig å sitte i bil heile dagen. Vi prøvde likevel å gjøre køyreturen (som jo gjekk igjennom fantastisk landskap) litt betre ved å velgje turistveg over Strynefjellet (fint, men utruleg treigt på toppen!), samt stopp i Lom for å spise deilige kanelsnurrar på Bakeriet i Lom.
Vestlandet - ei perle!
Vi stoppa på Strynefjellet så begge ungane fikk gå barbeint i snø. Iskaldt!
Laurdag 13. juli var vi i Lilleputthammer. De to første nettene våre på camping i Øyer var vi saman med gode venner som bur på austlandet. Ungane våre er like gamle, og er kjempegode venner etter få minutter kvar einaste gong vi ser de!

Det kom ei lita regnbyge midt på dagen, noko som betydde at det var få andre i parken - og ungane fikk køyre så mykje de ville, igjen og igjen! Her er lillesøster i farta!

Hoppepute er alltid gøy! Alle fire ungane kjøpte seg bamsar i parken. Storebror kjøpte Gruffalo, og han fungerte heldigvis som erstattning for Teddy resten av sommarferien. Lillesøster kjøpte ein Albert Åberg-bamse som ho seier at heiter Sissel.




På søndagen før vi vart igjen "aleine" på campingplassen var vi på Norsk Vegmuseum. Her køyrer vi ein gammal veteranbuss, noko ungane digga! "Veldig, veldig humpete!"



Vi tok veteranbussen til Fjellsprengningsmuseet der alle fikk hjelm på hovudet, og ungane eigne lommelykter. Det var veldig spanande å gå inni gjellet, og godt å ha ein god venn å holde i handa:)

På måndagen tok vi skiheisen opp på Hafjell. 10 minutter kvar veg og skikkelig gøyt!



Vel oppe gjekk vi eit par km med skattejakt i skogen. Vi fikk kart og fann fem postar vi svarte på. Når vi kom ned igjen fikk ungane ein liten premie. Ein flott aktivitet!
 
Midt i skiløypa :)


Vi fann masse blåbær på campingen. Storebror plukka og mista fleire gonger. Men her hadde han endelig fått eit eggeglass fult som han kosa seg med før vi reiste litt lengre sør mot Oslo tysdags morgon.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...