mandag 5. august 2013

...og vi er i gang!

Sidan det er noko galt med blogger i dag kan eg kun skrive bildetekst, men det går greit:)

I dag gjekk startsskuddet for hausten! Storebror var størst av alle da han kom i barnehagen i dag, og var veldig bevist at NO var han eldst! Lillesøster har første dag på samme avdeling som storebror, men sidan de var så raske i dag tidleg leverte eg begge på "babyavdelinga" til de tre voksne som var på jobb - og de to andre barne. Ein roleg start!

I går hadde vi venner på besøk på is og sveler; så i dag gjorde eg meg populær på jobb da eg hadde med meg sveler og heimelaga ripsgele til lunchen - nam!:) Eg føler også for å presisere at eg har heidra nynorskens far Ivar Aasen (eller Ivar Awsome som han også blir kalla) ved å skrive nynorske brev i fleng på jobb. Det er noko eg forsåvidt gjer dagleg; men i dag var det med ekstra stolthet! Gratulerer med dagen Ivar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...