mandag 5. august 2013

Sommarferie - Stadtlandet

Sidan vi var på vegen i tre heile veker og var innom fleire plasser lager eg eit kortare innlegg frå kvar stad, alle nemnt ingen gløymt! Vi køyrte frå Bergen til Stadt på ein dag, med ein god lunchstopp hos min eldste bror med familie på Jølster. På Stadt hadde vi fått låne eit hus som er i familien. Sjølv har eg feriert masse her da eg var barn; og da er det jo ekstra stas å ta med eigne unger dit no!
På huset er det massevis av leiker! Her fann vi eit halvgammalt fotballspel som verkleg falt i smak hos alle! I tillegg var det masse nye leiker der også som begge ungane leika masse med. Særleg storebror, som var i sin eigen verden med dukkehus, klossar, små figurar og togbane.
Utsikta frå Kjerringa (eller Vestkapp som det eigentlig heiter) er mektig! Dette er det vestlegaste fjellplatået i Noreg og Nord Europa.

Vegen ned igjen frå Kjerringa er smal og bratt - tunga rett i munnen!
Erviksanden. Her stod lillesøster i ro i ein halv time og såg på bølgene som slo inn. "Store fjell. Masse vatn"

Vi åt lunch, og etterpå var ungane blitt så varme i regnklæra at vi kunne erte bølgene og springe - kjempekjekt! Vi var her i tre timar, og vi var ikkje leie da vi måtte køyre tilbake for å lage middag.

De yngste søskenbarna mine hadde bygd eit trehytte som storebror leika masse i. Denne var i hagen, og her hadde vi masse å gjøre kvar ettermiddag!
Vi grilla pølser i grua til kveldsmat. Ungane satt heilt stille og grilla og åt - heile fire pølser gjekk ned hos storebror!

Vi var på tur til Drage der vi klatra på store og små runde, mjuke rullesteinar. Det var lågvatn, så vi fann massevis av krabber! Storebror lærte å bære de, og lillesøster lot de krype på handa.

Etter ein god time på Drage køyrte vi til Hoddevika der vi åt lunch, leika i sanden og såg på ein surfeskule (og ikkje minst på det lille helikopteret med kamera på som de brukte for å filme surfeelevane med).
Eg og lillesøster vassar med støvlar. Det var eigentlig både varmt og fint, men vinden gjorde at vi ville ha regnklær på. Etter desse dagane på Stadt brukte vi ikkje regnklær ein einaste dag til!

Vi hadde tre flotte dagar på Stadt - fullpakka av vestnorsk natur vaska vi oss utav huset og satte kursen austover. Etter ein halv time i bilen kom storebror på at han hadde gløymt bamsen sin, Teddy, noko som førte til lengselsfull gråt i baksetet store delar av turen. No har Teddy komt heim etter nokre dager i einsemd i huset på Stadt og ein tur med posten. Tusen takk til de som sendte han heim igjen!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...