onsdag 3. juli 2013

07:58

O7:58. Da vokna eg i dag og sjønte ingenting. Kven har gått inn på mobilen min og slått av heile vekkerklokkefunksjonen som skulle vekke meg med irriternade biip-biip-biip i dag tidleg kl.06:50? Det var stille i huset, mannen var gått på jobb, men når eg høyrte skikkelig etter kunne eg høyre tusling i første etasje. Det var sikkert elektrikkeren som kom, og eg hadde ikkje klær på! Raskere enn min eigen skygge fikk eg hive på meg ein kjole før eg kom meg ut i gangen for å sjå. Der kom storebror og lillesøster snikandes opp trappa, med morgonrufsesveis og vokne auger. Ok, så da var det ikkje elektrikkeren, men han kunne komme når som helst - og vi måtte skynde oss slik at vi rakk frukosten i barnehagen kl.08:30! To somleunger og ein stressa mamma er ikkje lik ein god morgon! Sett utanfrå var det ei småkjeftande mamma og to unger som surra rundt i si eiga verden. Vi rakk frukosten, berre så vidt. Og elektrikkaren skinte med sitt fråvær. Oh well. Klokka var heile 08:45 før eg var på jobb. De siste vekene har den vore 07:30.
Rørleggarane kom tilbake til oss i går for å skifte dosetet til eit slikt "soft-close" slik at ein kan slenge ned dosetet utan at alle i huset vokner av det. De hang også opp to hyller, dorullholder, knagger og handkleoppheng. Eg var på jusk i går og fann bosspann, fin dokostholer og tannkostglass, så no er badet blitt verkleg fint! Det mest støvete arbeidet er over, så i går kveld fikk eg vaska og rydda ein del, noko som var SÅ GODT etter to veker med unntak og "vigidderikkjeåtørkestøvnårdetblirsåfortstøveteigjen". I dag kjem altså elektrikkaren, så vi skal få lys og varme. I kveld kjem Stefan og behandler steinane i dusjen; så om tre dagar kan vi dusje heime igjen!

Det anbefalast alle som sliter med å komme i gang med treninga å pusse opp badet. Eg dusjer på sats, noko som betyr at eg trener annankvar dag. Eg går ikkje dit for så kun å dusje, det hadde vore rart. No sliter eg meg ut på trappemaskina og synes det er skikkelig god trening! Eg føler meg (nesten) ikkje dum lenger :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...