tirsdag 2. juli 2013

Ny kjole


Svigermor strikka denne fantastiske kjolen til lillesøster! Den er verdens flottaste kjole å snurre i, og lillesøster føler seg kjempefin - noko ho også er (heile tida)! Denne veka er lillesøster litt ekstra i fokus sidan vi skal feire 3-årsdagen hennes på søndag. Ho har bursdag medan vi er vekke på sommarferie; derfor skal vi feire det før vi reiser saman med farmor og tante, grandtante og søskenbarn.

Da lillesøster vart eitt år laga eg prinsesseslottkake til ho. I fjord fikk ho Red Velvet Cake. I år foreslo eg Hello Kitty, og det ville ho ha. Eg har funne ein enkel oppskrift på dekorasjon på nettet - Hello Kitty-kake er vel noko av det enklaste ein kan forme. Det er så kjekt å planleggje bursdagsfest! Frå 4 år er det barnehagebursdag i tillegg til familiefest - det er jo nesten enda kjekkare! Men no er det mat, pynt og kjole som er i fokus før vi skal feire verdens godaste lillesøster!

I går kom vi heim til bad med nytt toalett, dusj og baderomsinnredning frå Linn Bad. Utruleg flott! Desverre hadde rørleggarane jobba og forlatt utan å koste opp. Det var utruleg skittent både inne på badet og utanfor; så før vi kunne lage middag måtte vi rydde opp før alt vart dratt utover heile huset. Muraren har rydda så fint kvar einaste dag, så vi hadde forventa at også desse skulle gjøre det (er ikkje det ein del av jobben?). Vi er blitt litt godt vandte.

I morgon kjem elektrikker. Vi har kjøpt ei veldig fin lampe som eg håper er godkjent til baderomssona som den skal henge i. Krysser fingarne! Vi får også lys i speilet og varme i golvet i morgon; HURRA! Muraren kjem tilbake på ettermiddagen for å behandle rullesteinane i dusjen, også er badet ferdig! I dag er det 12 dagar sidan de begynte - så i alt brukte de 13 dagar - ganske så effektivt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...