mandag 1. juli 2013

Vår private eggkokk - og ei fantastisk helg!

Storebror ville endelig smake eggerøre for nokre månadar sidan. Det var (sjølvsagt) NAMMIS, og kvar laurdags morgon sidan da har han laga eggerøre til heile familien.
Det var SÅ KJEKT å sjå "mine" tre amerikanske barn igjen på fredag! De var blitt så voksne og flotte og reflekterte! Vi spaserte på Bryggen og tok ein tur forbi Rosenkrantztårnet og ut på Bergenhus Festning. Vi åt middag på Bølgen & Moi i gamle Banco Rotto sine lokaler frå seint på 1800-talet før vi tok bussen heim til oss. Der kosa vi oss med kaffe, te, Bergensk "Hvit dame" (marsipankake) og album frå 2000-2001 da eg budde i USA saman med familien. Utruleg kjekt! Mykje latter og mimring!
3-4 egg, ein slump vanilje (vi kallar det fløyte, men kven bryr seg om det?), havsalt og flaksalt.
På laurdag vart vi vekt av muraren Stefan som låste seg inn kl.08.15. Etter frukost gjekk vi på butikken for å kjøpe ei korg med jordbær og ei korg med bringebær før vi spaserte opp til eit utkikkspunkt ikkje langt frå oss der vi kosa oss med bær og utsikt. Joggetur, familiedusjing på mannen sin jobb og innkjøp av lampe til badet vårt var meir eller mindre det vi rakk den dagen.
Vente til smøret har slutta å bruse - hell i.
På søndag gjekk vi på Ulriken (643 moh). Storebror synes stien opp var spanande, mykje steinar og trapper og myrer på alle sider, så turen gjekk fort! Også lillesøster var på beina, og gjekk rundt halve turen. Resten satt ho i bæremeis. Vi luncha på veg opp, og på toppen var det lovd is! Vi tok bana ned igjen, og var heime i middagstid. På kvelden reiste eg til byn og åt indisk saman med venninner. Ein kjempesøndag!
Rør litt. Tel til fem, rør litt til. Pass på at egget blir snudd i panna. Ferdig! Og han gjør ALT sjølv! Medan vi andre dekkjer bordet og er til stades.
I dag har rørleggjarane satt opp vårt nye toalett, og dusjen er klar til bruk. Vi venter enda på skap, vask og speil frå Linn Bad; så badet er ikkje heilt ferdig enda. Vi kan heller ikkje dusje for Stefan har lagt silikon på rullesteinane vi har i dusjen. Når det er gjort må vi vente i tre dager til. Men vi nærmar oss (på fredag vart døra satt opp igjen - det var ei sann glede!) - og gler oss!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...