fredag 28. juni 2013

Fin-fint besøk

Skjell frå ei strand i Thailand og stein frå Grand Canyon.
Frå 8.august 2000 til 7.august 2001 budde eg i Pennsylvania, USA. Der budde eg hos ein familie med tre barn og jobba som aupair. I går kom alle fem + sambuaren til eldstemann (som no er 27 år!!) til Bergen! Eg såg de igjen i 2006 på slutten av jorda-rundt-reisa som eg og mannen hadde etter endt utdanning, men no er det gått heile 7 år sidan eg såg de sist! I følge facebook er jo ungane blitt så store at de ikkje er unger lenger. Storebror er snart like gammal som yngstemann var da eg flytta bort i 2000!
Kongle frå Alvøenskogen.
I dag jobber eg halv dag på jobb før eg skal vere turist i eigen by saman med min amerikanske familie. Veldig spanande, og utruleg gøy!
Hmm - og alt eg tenkjer når eg ser dette bilete er "her var det støvfritt gitt" #langtinnioppussingståka
Vi har no vore dørlaus på badet i over ei veke. I går la Stefan (muraren "vår") ned fliser på golvet, så vi har hadde ikkje do i går heller. Heller ikkje i dag tidleg, eg er så redd for å ødelegge noko! I dag kjem fugene på plass OG døra. Åh herlege privatliv!! Mest gleder eg meg til å få dusj igjen! I stadenfor å jogge ute i varmt sommarvær de siste 10 dagane har eg måtte trene inne på sats slik at eg får ta meg ein dusj innimellom. Eg klarer berre nesten å gå på trappemaskin utan å samtidig fnise uhemma fordi eg føler meg så teit. I går sprang eg på tredemølle. Grusomt kjedelig, og langt ifrå like god trening som å faktisk bevege seg framover med naturlege variasjonar. Igjen - det blir så BRA med nytt bad!!

God helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...