torsdag 27. juni 2013

Planlagt "mat-på-fat"

Da eg var heime i helga bladde eg igjennom speiderpermen frå 1990. Der beit eg meg merke i eit uttrykk eg likte som var brukt kvar gong speidaren skulle ha ein type familiearrangement. Under overskrifta HA MED: stod det "Mat på fat". Er ikkje det flott? Mat på fat - det seier jo alt!

Det er mykje mat-på-fat i juni månad. Torsdag for ei veke sidan var det Sommarfest i barnehagen, og innimellom oppussing av bad, trening, kanvilånedusjendin-besøk og kveldsmøter både ved barnehage og jobb skulle eg lage noko å ha med på sommarfesten. Alternativt kunne eg bli igjen og rydde opp etter festen, men eg kjente at det ikkje var aktuelt for meg. Derfor bakte eg den dagen eg hadde tid, søndag mellom frukost og lunch. (Mannen kunne også ha bakt, han er knallflink - men eg synes det var urettferdig sidan han hadde femhundre andre ting å gjøre. Han også.)
Eg prøvde noko nytt - kanelbollar bakt på god deig med meierismør og h-mjølk med mykje smør, kanel og sukker i svingane - lagt nedi ei rundform (formkakeform?) med hull i midten. Ein stor smultring - eller doughnut. Etter at den var steikt og avkjølt gjekk den rett i frysaren, også tok eg den med på jobb på torsdag. Den tina på jobb, og rett før eg køyrte på fest pynta eg med melisglasur og grønn kakepynt. Oppi hullet i midten la eg masse ferske, gode jordbær. Riktig så sommarleg og fint, og ein (blandt mange!) favorittar på kakebordet.

Badet tar form heime, hurra! Flisene på veggane er oppe, og det er blitt knallfint! I går vart det lagt noko på golvet som skulle tørke i 2-3 timar. Det var enda ikkje tørt når vi skulle leggje oss, så da er det godt med stor hage. Say no more...

1 kommentar:

  1. Du, får du sendt meg en mail, sånn at vi får ordna med gevinsten din? Hvis du sender meg navn, adresse og hva du ønsker deg i Slaraffenlivbutikken, skal jeg videresende det til Ellen:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...