fredag 9. august 2013

4 og 11 år

I kveld er det 11 år sidan eg og mannen møttast på ein fest hos felles bekjente. Kvelden blir nok ikkje markert noko annleis enn den hadde blitt uansett, snop og vin. 1.august hadde vi 4-års bryllaupsdag. Da eg var heime i permisjon med lillesøster var eg hekta på ein dagprogram på TV som heitte Rachael Ray Show. Der laga ho mellom anna middag på slutten av kvar sending. Fleire av oppskriftene skriev eg ned, men eg har berre prøvd den eine. Ein "Sopp stroganoff"-oppskrift har ligge i oppskriftspermen min de siste to-tre åra, og for eit år sidan kjøpte en tørka steinsopp, som er ein av hovedingrediensane i retten. No var det på tide å lage middagen - og bruke soppen! Saman med aromasopp, kvitvin, fløyte, masse meierismør og god pasta vart dette ein kjempedeilig middag!  
Mannen kjøpte ein stor blomsterbukett til meg med mellom anna fire langstilka roser! Han dekte også bordet; så vi hadde ein flott middag heilt aleine etter at ungane hadde lagt seg den kvelden.
Desserten var kjøpt frå konditori; irich coffe-rullar, sjokoladetrøfflar med bringebær, to Mozartkuler.

Kveldens feiring blir som sagt meir snop i skål, pappvin og ein film medan vi ligger som to slakt i sofaen. Det er kjekt det også. Når ein er der med ein som ein likar godt:)

2 kommentarer:

  1. Alt er bra når man gjør det sammen med noen man liker godt, gratulerer med 4 og 11 år og alt godt i de neste som kommer:)

    Rachael Ray har inspirert til flere middagsretter her også hun, ujålete og knallgod mat!
    Ønsker deg ei god ny uke,
    klem:)

    SvarSlett
  2. Takk :) Medan eg skreiv innlegget fann eg ho på nettet. Ho legger tydlegvis ut matlagingsfilmar frå programmet. Bra for oss som ikkje lenger er i fødselspermisjon :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...