fredag 9. august 2013

Sommarferie - Oslo

Tradisjonen tru hadde vi booka oss inn på eit hotell iløpet av sommarferien. Vi hadde tre netter på Thon Hotell Slottsparken  - eit familiehotell med store og flotte rom. Vi var der sommaren 2011, og ville tilbake dit i år. Framleis var det sol og mellom 25 og 30 varmegrader.
Ein liten Erik vart kjøpt i Sverige, og storkosa seg saman med Sissel på hotellferie!


 Sidan dette var eit familiehotell hadde de lagt av eit stort rom ved resepsjonen til leikerom. Her var det masse baller, klosser, bamser, teiknear - ja, det meste. Medan eg og ungane var der etter frukost kom det ei ansatt inn og lurte på om vi ville vere med på tigerjakt i slottsparken! Det ville vi sjølvsagt! Ungane fikk på gule vestar, og etter ein liten spasertur såg vi ein tiger mellom træra. Ungane sprang og fanga den, og fikk ein gullpenge og ei badeand som premie. Ein kjekk liten aktivitet, og da var vi jo alt ute på tur! De pusser opp grunnen rundt slottet i samanheng med markeringa i 2014, så det var ikkje så mykje stas å gå forann slottet i år.
Vi viste ikkje heilt kva vi skulle finne på i hovedstaden, og folk vi spurte såg ikkje ut til å skjønne problemstillinga ("Hva med å gå en tur i skogen? Der er det trær ungene kan leke i." "Ehh, nei takk, det kan vi gjøre heime."). Vi tok T-bane og lånte doen på Munch-museet på Tøyen før vi gjekk litt i botanisk hage. Det vart for varmt for alle, så vi tok bana til Frognerparken der de hadde eit flott leikeområde. Der vart vi i tre heile timar.
Her var det mykje folk! Mellom andre Yosef (frå Madcon) og son, og Simone Larsen (frå D'Sound) med sine to små barn. Kjendisspotting deluxe, i alle fall for oss som stort sett kun ser Davy Wathne og innimellom ein Ylvis-gut.
Dagen etter hadde vi lært, og tok derfor t-banen til Sognsvann der vi vart heilt til det var middag. Også her var det kjendisar, oh my, Mira Craig og sonen, samt ein dansar vi berre ikkje klarer å hugse navnet på. Sognsvann var heilt perfekt! Vel tilbake i byen åt vi middag ved rådhuset, is på Ben & Jerrys (NAM!), og det var den dagen. Fredag 26.juli skjekka vi ut og var saman med gode venner heile dagen før vi reiste til Flå.

Brødskive og Angry Birds-teiknefilmar etter kveldsdusjen - deilig!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...