fredag 2. august 2013

Sneglejakt i hagen

Rett før vi reiste på sommarferie vart ungane hekta på sneglejakt. Vi har masser av sneglar i hagen, både gule og fine med eigne hus, og klissete brune. Storebror har erfart at brunsneglar ikkje er så lurt å leike med etter at vi brukte ein halv time på å få vekk slimet som var på hendene hans i begynnelsen av juli. No fangar de berre gule snegler, og denne som er stripete kallar de for "kongesneglar". De er det ekstra stas å finne! Begge to har med seg boksar som de fyller opp med blomster, blader og rips - også finner de masse sneglar som de legger oppi. Sneglane beveger seg og flytter seg oppover veggane på boksen, de bæsjar og de spiser litt blad - dette held ungane glade og opptatt lenge om gongen. De lagar også race med de, lagar start- og sluttstrek og lar de krype (meir eller mindre fritt). Regelen er at de ikkje får ha lokk på boksen, og at de ikkje får ta med boksen inn. Dette er ein kjekk aktivitet. Og heldigvis for oss (i regnværet) forsvinner de når det er sol og varmt, så hurra for regn.


eller ikkje

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...