fredag 1. november 2013

Duplorobot og coretrening

Kulaste duoloroboten!
For å bli like hard og stabil i coremusklane som desse to på biletet (ungar er vel som toppidrettsutøvere å rekne!) brukte eg derfor treninga mi i går på styrkeøvelser for mage, rygg og...ja...core. På you tube anbefalar eg at de søkjer på pop pilates, der kan de velgje mellom fleire ulike fokusområder. Eg tok tre 10-minuttersprogram i solsteiken frå vindauget og vart heilt utslitt! I dag har eg vondt O V E R A L T! På sida, nakke, skuldre, rygg, bryst, mage - AU! Eg har ikkje gangsperre i beina, noko som er ok, der har eg stort sett gangsperre ellers etter trening på sats. Med andre ord - her var det behov for å styrke kontormusklane - og det var DEILIG!

I dag ventar vi storinnrykk frå min yngste bror med sambuar og deira tre barn. De skal vere hos oss i helga, det blir veldig kosleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...