lørdag 2. november 2013

Muffinshue

Nesten som ei kake:)

Nesten som ein luftballong:)
Eg har sett på desse muffinshuene på nettet fleire gongar, men det var først da eg såg ei jente i barnehagen som hadde den på seg at eg tenkte at DENNE måtte eg lage! Lillesøster ville ha ei blå hue, så eg valgte lillafargen sidan eg synas den passa fint til det blåe. Som så ofte ellers strikka eg for mykje på den blå delen, "ups, her har eg strikka 2 cm for mykje, de siste 5 cm gjekk fort gitt!", men eg trur ikkje det gjorde noko.
Mamma hekla kanten rundt, eg kan ikkje hekle, så her måtte eg altså ha eksperthjelp. Dusken på toppen er kjøpt på panduro.
Lillesøster liker den veldig godt - også er den jo knalltøff på! På torsdag kjøpte vi vintersko til de, så no er alt vinterutstyret i boks, og tatt i bruk. Da er det godt emd gode huer i varm ull som også ser knas ut:)

Oppskrift finner fu ved å google "Muffinslue". Den eg brukte finner du her: http://rubys-verden.blogspot.no/2012/01/cupcakes.html

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...