mandag 4. november 2013

Hello Kitty sitteunderlag

Liknar litt på Puste, men er Hello Kitty!
Eg har ikkje prøvd meg på tova sitteunderlag før, men etter å ha strikka denne på megapinnar gav det meirsmak. Det er jo nesten magi å leggje ein uformleg og laus teppeaktig overflate i vaskemaskina for så å finne igjen eit tova sitteunderlag nederst i hjørnet av eit putevar etterpå!
Eg har tova ein gong før. Det var rundt eit år sidan, og eg strikka fleire blomar som eg tova. De har berre ligge på ei hylle og støva ned til no da eg sydde den på sitteunderlaget. Ganske så fint:)

Oppskrifta finner de på denne bloggen: http://randislillehobbyverden.blogspot.no/2010/02/oppskrift-pa-hello-kitty-sitteunderlag.html?showComment=1288522517884

Lillesøster er veldig glad i den. Den har ikkje vore på tur enda (eg liker eigentlig best sitteunderlag som ein kan brette og tørke av), men er med i senga kvar kveld:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...