tirsdag 5. november 2013

Gode venner

Dette biletet fikk vi heim frå barnehagen. Her sitter lillesøster og held rundt ein av de små venninnene sine (med verdens søtaste tutt i munnen) og leser "Bukkene Bruse på badeland". Så herlig!
I går var som de fleste andre ettermiddagar. Eg står og lagar middag da mann og barn kjem inn døra. Eg går ut for å ta i mot de - og da storebror kjem opp trappa vart følgjande samtale ført:

Før eg begynner må eg presisere at eg i går hadde vore på publikumsprøve av Lilli Valentin på DNS, og var langt utover det normale emosjonell og veldig i kontakt med følelsane mine.

Eg: Hei storebror! Så kjekt å sjå deg! Eg har sakna deg i dag!
Storebror: Hei mamma. Eg har ikkje sakna deg I DET HEILE TATT!!!! IKKJE EIT EINASTE SEKUND AV EIT MINUTT I HEILE DAG!

Så gjekk han på do og samtalen var over. Barn nummer to:

Eg: Hei lillesøster! Så kjekt å sjå deg! Eg har sakna deg i dag!
Lillesøster ser på meg og legger hovudet litt på skakke. Ho smiler litt Mona Lisa-aktig før ho tar eit steg bort til meg og gjer meg ein laaaaang klem.


Ahh - unger altså. De er jo berre til å spise opp begge to!

2 kommentarer:

  1. Herlig! Så søtt bilde også :)

    SvarSlett
  2. :) Biletet er så koselig! Eg er glad de er flinke å ta bileter i bhg slik at vi får innblikk i augeblikk frå kvardagen der også!

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...